Shirafolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sira- eller shirafolk, eshira, er ei bantuspråkleg folkegruppe frå Gabon som hovudsakleg lever i kystområde[1] og i skog- og grasområde sør for elva Ogooué og vest for bielva hennar Ngounié. Nokre grupper bur òg i Republikken Kongo.[2] Saman med punufolk og massangofolk blir dei rekna til den større gruppa shira-punu. Kring 2000 var rundt 28 % av innbyggjarane i den gabonske hovudstaden Libreville shira punu-folk.[3]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

I følgje den munnlege tradisjonen til dei 9 klanane av sira- eller punufolk migrerte dei frå nord, gjennom Egypt til Nubia, og slo seg ned i Merowé nær åmotet mellom Sira og Nilen mellom -500 f.Kr. og 100 e.Kr. Sira-elva var opphavet til namnet deira. Frå 500-til 1700-talet flytta dei frå Nubia gjennom Uganda og Kongo til det noverande leveområdet sitt, etter krig med andre grupper. I 1800-talet handla dei med kopar, og var kjende for tobakk og raffia-klede av høg kvalitet. Talet deira gjekk kraftig tilbake på grunn av kopparepidemiar i 1865 og 1898.

Fransk-amerikanske Paul du Chaillu reiste gjennom eshira-området i 1858 og 1864, og norterte seg at kvar klan styrte sine eigne saker. Mulendaen av Kamba-klanen var den viktigaste av høvdingane; han hadde 300-400 slavar, og døydde av koppar i 1885. Heilagandsfedrane skipa ei misjon her i 1895.

Skrivemåte[endre | endre wikiteksten]

Namnet på gruppa er blitt skrive på ei rekkje måtar: Achira, Ashango, Ashira, Chira, Échiras, Eschira, Eshira, Eshiras, Gesira, Gisira, Ichira, Ishira, Isira, Shira, Shiras, Shire, Sira, Yichira[4].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. James Stuart Olson, «Eshira», i The Peoples of Africa: An Ethnohistorical Dictionary, Greenwood Publishing Group, 1996, s. 169 ISBN 9780313279188
  2. Philippe Moukoko, Dictionnaire général du Congo-Brazzaville, L'Harmattan, 1999, s. 112-113
  3. Leilde, Anne; Bekker, Simon (2006), «Chapter 11 - The importance of language identities in Lomé and Libreville», Reflections on Identity in Four African Cities (African Minds), ISBN 978-1-920355-87-6, henta 24. februar 2024 
  4. RAMEAU, BnF [1]