Show Boat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Scene from the 1929 film Show Boat featuring Laura LaPlante as Magnolia Hawks and Joseph Schildkraut as Gaylord Ravenal.
Annalisa Ericson og Nils Poppe hadde hovudrollene i ei svensk oppsetjing av Show Boat, Teaterbåten, på Oscarsteatern i Stockholm 1942

Teaterbåten (engelsk Show Boat) er ein USA-amerikansk musikal frå 1927 med musikk av Jerome Kern og tekst av Oscar Hammerstein. Musikalen byggjer på ein populær roman av Edna Ferber frå 1926. Han er blitt filmatisert ei rekkje gonger. Fleire songar, som «Ol' Man River», «Make Believe» og «Can't Help Lovin' Dat Man», er blitt kjende utanfor musikalen.

Show Boat skilde seg frå samtidige musikalar ved å ha ei meir realistisk og samanhengjande handling enn det som var vanleg. Han vekte også oppsikt gjennom å ta opp tilhøve mellom rasane i Sørstatane.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Show Boat har to akter. Handlinga i første akt finn stad rundt ein teaterbåtMississippi-elva i 1887, andre akt finn stad i Chicago frå 1893 til 1927.

Framføringar[endre | endre wikiteksten]

Teaterbåten hade urpremiere ved Ziegfield Theatre i New York den 27. desember 1927. Songaren og skodespelaren Paul Robeson byrja karrieren sin med rolla som Joe i stykket då det blei oppført i London i 1928. Noregspremieren fann sted ved Det Norske Teatret i 1950, under tittelen Teaterbåten, og i regi ved svenske Leif Amble-Næss. Lasse Kolstad spelte rolla som Joe, og som dei andre svarte i ensemblet spelte han sminka i blackface.

Show Boat ble filmatisert i 1929 (stumfilm og delvis lydfilm av Universal), 1936 (lydfilm av Universal med manus av Oscar Hammerstein) og i 1951 (av MGM).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]