Shrek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Shrek
RegiAndrew Adamson, Vicky Jenson Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)Jeffrey Katzenberg, Aron Warner, John H. Williams Sjå dette på Wikidata
ManusTed Elliott, Terry Rossio, Joe Stillman, Roger S. H. Schulman, William Steig, Chris Miller, Cody Cameron, Conrad Vernon Sjå dette på Wikidata
Basert påShrek! Sjå dette på Wikidata
MusikkJohn Powell, Harry Gregson-Williams Sjå dette på Wikidata
KlippSim Evan-Jones, Michael Andrews, Christopher Knights Sjå dette på Wikidata
DistributørUIP-Dunafilm, DreamWorks, Microsoft Store, Netflix, Vudu Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato22. april 2001
Lengd90 ±2 minutt Sjå dette på Wikidata
OpphavslandUSA Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk
Inntening484 409 218 US-dollar Sjå dette på Wikidata

Shrek er ein amerikansk dataanimert filmkomedie frå 2001, som er laust basert på eventyrboka frå 1990 av William Steig under same namn. Filmen er regissert av Andrew Adamson og Vicky Jenson, med stemmene til Mike Myers, Eddie Murphy, Cameron Diaz og John Lithgow i hovudrollene. Shrek er ein parodi på andre filmtilpassingar av folkeeventyr, hovudsakleg retta mot animerte Disney-filmar.

Handlinga i filmen følgjer trollet Shrek (Myers), som finn ut at sumpen hans er nedrent av eventyrfigurar, som har vorte bannlyste av den korrupte Lord Farquaad (Lithgow) som stundar etter å verta konge. Shrek gjer ein avtale med Farquaad om å få kontroll over sumpen sin att dersom han bergar prinsesse Fiona (Diaz), som Farquaad vil gifta seg med. Med hjelp frå eselet (Murphy) legg Shrek ut på ferda si, men forelskar seg snart sjølv i prinsessa som held på ein løyndom som vil forandra livet hans for all tid.

Rolleliste[endre | endre wikiteksten]

Roller Engelske stemmer Norske stemmer
Shrek Mike Myers Asgeir Borgemoen
Donkey (Esel) Eddie Murphy Thomas Giertsen
Princess Fiona Cameron Diaz Iren Reppen
Lord Farquaad John Lithgow Finn Schau

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]