Sigbjørn Slinning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigbjørn Slinning
Fødd 6. oktober 1945
Stavanger kommune
Yrke fotballspelar

Sigbjørn Slinning (fødd 6. oktober 1945) er ein tidlegare fotballspelar frå Stavanger. Han spela i alle år for Viking, i perioden 1961-82 spela han 523 kampar for klubben, einast Svein Kvia spela fleire kampar for klubben. Dei fyrste åra var Slinning angrepsspelar, men vart etterkvart fast på venstre backplass. Han spela fast på Vikings gull-lag i perioden 1972–75.

Slinning debuterte for Noregs landslag på heimebana Stavanger stadion den 3. juli 1969. Dei neste sesongane spela han jamt fast på landslaget, og fram til 1976 aksla han den norske landslagstrøya i totalt 42 landskampar og skåra eitt landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk seriemeister med Viking i 1972, 1973, 1974 og 1975
  • NM-sølv 1974 med Viking

Kjelder[endre | endre wikiteksten]