Sigbjørn Obstfelder
Sigbjørn Obstfelder | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. november 1866 Stavanger kommune |
Død |
29. juli 1900 (33 år) |
Yrke | lyrikar, skribent |
Ektefelle | Helga Weeke |
Sigbjørn Obstfelder på Commons |
Sigbjørn Obstfelder (21. november 1866–29. juli 1900) vert rekna som den største norske nyromantiske diktaren og ein av Noregs første modernistiske diktarar.
Obstfelder vart fødd og voks opp i Stavanger. Han utdanna seg til ingeniør og budde i USA mellom 1890 og 1891. I ettertid er han kjend som forfattar, diktar og lyrikar. Han var glad i å reisa frå stad til stad. Han er vorten skildra som grublande, fjern og rastlaus.
Då han kom heim til Noreg etter tida i USA gav han ut diktsamlinga Digte i 1893. Diktsamlinga vekte oppsikt, og er rekna som viktig innan norsk nyromantisk dikting. Ein del av dikta i samlinga, mellom anna «Jeg ser», er prega av framandkjensle og angst, medan andre er prega av mystikk og erotisk/religiøs lengt. Mange av dikta er melodiøse, Obstfelder hadde eit lidenskapeleg tilhøve til musikk.
Obstfelder publiserte fleire enkeltdikt i tidsskrift og aviser, men det vart ikkje nokon stor samla produksjon. Han inspirerte fleire forfattarar med sine symbolistiske biletval og sin melodiøse stil.
Obstfelder skreiv også innan andre genrar. Kjærleiksforteljingane i To novelletter fra 1895, romanen Korset frå 1896, skodespela De røde draaber frå 1897, Esther frå 1899 og Om vaaren frå 1902.
Han skreiv eit djupt personleg verk, En prests dagbog, som vart utgjeve kort tid etter at han døydde. Den uferdige boka vert rekna som hovudverket hans. Boka er prega av djuptgripande søking etter sanning og trong til erkjenning.
Obstfelder døydde av tuberkulose i 1900, same dag som det einaste barnet hans vart fødd.
Dikt
[endre | endre wikiteksten]Navnløs Mørkets taage sænker sig over trær, over plæner, |
Jeg ser Jeg ser paa den hvide himmel, |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Sigbjørn Obstfelder frå Dokumentasjonsprosjektet ved Universitetet i Oslo