Sigrid Bonde Tusvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigrid Bonde Tusvik
Sigrid Bonde Tusvik 2010 (cropped).jpg
Fødd 2. februar 1980 (43 år)
Nordstrand
Yrke skribent, programleiar
Sigrid Bonde Tusvik på Commons
Blymandag i 2016
Foto: Tore Sætre

Sigrid Bonde Tusvik (fødd 2. februar 1980) er ein norsk komikar og forfattar.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Ho er oppvaksen på Nordstrand som dotter av lærebokforfattaren Elin Bonde og Sverre Tusvik, som var redaktør i Samlaget. Tusvik er gift med Martin Jøndahl.[1]

Jobb[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha studert til tekstforfattar ved Westerdals School of Communication har ho vore skribent for både Stella og Dagsavisen.

Tusvik har sidan 2003 jobba med stand up-komikk. Ho var med i undergrunnshowet Blymandag der òg Else Kåss Furuseth, Henrik Thodesen, Odd-Magnus Williamson, Martin Beyer-Olsen og Morten Ramm var med. Dette har vore sett på som forløparen til TV-programmet Torsdag kveld fra Nydalen.[2]

Ho har vore reporter for Rikets Røst og var i 2010 programleiar i SMS-rulett, ein konkurranse mellom kjendisar på VGTV. Same år sende NRK serien Sigrid søker kjæreste der ho traff den komande ektemannen sin Martin Jøndahl. I 2011 var ho vikar for Henriette Steenstrup i Torsdag kveld fra Nydalen før ho i 2012 vart fast i programmet etter at Morten Ramm slutta.

Podcast[endre | endre wikiteksten]

11. oktober 2012 starta ho saman med komikarvenninna Lisa Tønne podcastprogrammet Tusvik & Tønne som dei skildrar slik: «Sigrid og Lisa er to altfor frittalende komikere. Ett sted må de få lov til å tømme seg, det er blitt til Tusvik & Tønnes podcast»[3]

Podcasten har fått kritikk for å hengja ut einskildmenneske, utan å måtta forhalda seg til Vær Varsom-plakaten, som redaktørstyrte medium følgjer.[4][5]

Mamma[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2013 viste TV 2 Sigrid blir mamma, ein dokumentar i fire delar om Tusviks tid som gravid og spebarnsmor.

Ho fekk to prisar under Komiprisen 2015: prisen for årets kvinnelege scenekomiker for Mot i brøsta og publikumsprisen for årets morosamaste saman med Lisa Tønne. Ho var òg nominert i klassene årets kvinnelege TV-komiker og årets stand-up komiker.

I 2015 hadde Tusvik og Tønne både eit eige talkshow på TV 2 og show på Latter i Oslo kalla Tusvik og Tønne skammer seg. 2017 og 2018 opptredde ho med Tusvik & Tønne - På oppdragelsesreise.[6]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

TV-opptredenar[endre | endre wikiteksten]

  • 2015: Tusvik & Tønne talkshow (TV 2)
  • 2015: Tørnquistklubben (TV 2)
  • 2014: Klippkompaniet (TV 2)
  • 2013: Sigrid blir mamma (TV 2)
  • 2011-2014: Torsdag kveld fra Nydalen (TV 2)
  • 2010: Sigrid søker kjæreste (NRK)
  • 2006: Rikets Røst (TV 2)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sigrid Bonde Tusvik ble mamma igjen». Henta 24. juli 2016. 
  2. «Sigrid Bonde Tusvik avslører bråk i «Torsdag kveld fra Nydalen»-kulissene». Arkivert frå originalen 2016-03-04. Henta 8. november 2015. 
  3. «Tusvik & Tønne». Arkivert frå originalen 2015-10-11. Henta 8. november 2015. 
  4. Erle Marie Sørheim (30. januar 2019). «Ut mot podkast-stjerner: − I Tusvik og Tønnes verbale gapestokk». Henta 12. februar 2021. 
  5. Mads Fremstad (29. januar 2019). «Listhaug: – Mulig det gjelder andre regler for dem». TV 2. Arkivert frå originalen 2021-06-17. Henta 13. september 2021. 
  6. «– Trodde ikke vi skulle vinne». Henta 8. november 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Sigrid Bonde Tusvik