Sigrid Brattabø Handegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigrid Brattabø Handegard
Sigrid Brattabø Handegard (2017-03-23 bilde01).jpg
Fødd 27. desember 1963
Yrke politikar
Verv Ordførar i Jondal
Periode 2007–2009
Føregangar John Skogseth
Etterfylgjar Jon Larsgard

Sigrid Brattabø Handegard (fødd 27. desember 1963)[1] er ein norsk politikar (Sp) frå Jondal.

Tidlegare har ho vore fylkesleiar i Hordaland Senterparti. Ho var vararepresentant til Stortinget 2005-2009 og igjen frå 2013 til 2017.[1] Ho var ordførar i Jondal kommune frå 2007 til 2009.

Frå 23. november 2009 til 6. oktober 2013 var ho politisk rådgjevar for Magnhild Meltveit Kleppa i Samferdselsdepartementet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Handegard, Sigrid Brattabø (1963-)». Stortinget. Henta 31. juli 2016. 
  2. «Tidligere politisk rådgiver i SD Sigrid Brattabø Handegard ( Sp )». Statsministerens kontor / Regjeringa. Henta 31. juli 2016.