Sigrun Espe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigrun Espe
Sigrun Espe (15260801374).jpg
Fødd 3. november 1980
Leikanger

Sigrun Espe (fødd 3. november 1980 i Leikanger) er tidlegare dagleg leiar i Slett U-landgjelda (2010–2011),[1] og leiar av Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond, SAIH (2009).[2]

Espe har mastergrad i sosialantropologi frå Universitetet i Bergen og har tidlegare vore leiar av SAIH-Bergen, og nestleiar i SAIH. Ho har hatt ei rekkje ulike styreverv som leiar for fredspriskomiteen for Studentane sin fredspris i 2009, og som nestleiar av Støttekomiteen for Vest-Sahara (SKVS).

Frå og med 2020 er Espe styreleiar i Wikimedia Noreg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Slettgjelda.no: Daglig leder
  2. SAIH.no: Nytt om navn i SAIH[daud lenkje]