Sigurd Einbu
Sigurd Einbu | |
Fødd | 5. november 1866 |
---|---|
Død | 10. mai 1946 |
Nasjonalitet | Noreg |
Yrke | astronom, faglitterær forfattar |
Sigurd Einbu (fødd 5. november 1866 som Sigurd Enebue, daud 10. mai 1946) var ein norsk sjølvlært astronom frå Lesjaskog, kjent for å ha funne ein nova i stjernebiletet Gemini den 12. mars i 1912. Novaen fekk namnet Nova Geminorum 2.[1][2] I 1912 innførte han òg ein ny klasse variable stjerner, RV Tauri-variabel.[3] Han skreiv etternamnet sitt Enebo i store delar av den vitskaplege karrieren sin.
Einbu gjekk på Hamar offentlige lærerskole, og arbeidde som lærar i Øyer, Vågå og Sel før han vendte heim til Dombås. Han blei tidleg interessert i astronomi, men kunne ikkje ofre seg fullt for den astronomiske verksemda før han blei utnemnd til statsstipendiat i 1908. Han var initiativtakar til Norsk Novaselskap. Han fekk oppretta og dreiv ein magnetisk målestasjon på Dombås frå 1916. Han utførte talrike observasjonar av variable stjerner. Einbu gjorde mykje for å spreie astronomisk kunnskap og skape interesse for studiet av stjernehimmelen i Noreg. Han heldt foredrag, skreiv populærastronomiske artiklar og fleire bøker, mellom anna Gjennom stjerneverdenen (2 bind, 1923–24), Bebodde verdner i nytt lys (1928) og Soler og atom (1930). Huset han var fødd i er flytta til Dombås og vart 1985 opna som museum, Einbustugu.
Barndomsheimen Einbustugu er flytt frå Lesjaskog til Dombås, og er eit museum om han.
I 2009 vart Einbudagane arrangert 16-19. september som ein del av astronimiåret.
Prisar[endre | endre wikiteksten]
Sigurd Einbu vart tildelt
- Lindemannsprisen utdelt på Astronomische Gesellschaft sitt møte i Jena i 1906[4]
- Atenogenes-Silva medaljen frå Sociedad Astronomica de Mexico i 1912
- Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning frå Nansenfondet utdelt av Videnskapsakademiet i Kristiania i 1926.
- Gunnerusmedaljen frå Det Kongelige Vitenskapers Selskap i Trondheim i 1934.
- Æresmedlemskap i Norsk Astronomisk Selskap i Oslo 5.mai 1938.
Litteratur[endre | endre wikiteksten]
- Stjernegransking i gamall og ny tid. 1911
- Vår sol. 1922
- Gjennem stjerneverdenen . 1 : Vor sol og dens følge. 1923
- Vår måne. 1923
- Gjennem stjerneverdenen . 2 : Melkeveiens soler : (fiksstjernene). 1924
- Beobachtungen veränderlicher Sterne I - XIV
- Bebodde verdener i nytt lys. 1928
- Soler og atom. 1930
- 250 in den Jahren 1903-1941 in Norwegen beobachtete Feuerkugeln : Errechnung der Radianten u. a.. 1942
- Dovre kommune gjennom hundreåret 1837-1937. 1949
- Lesja : litt frå den kommunale soga 1838-1938, og ymse anna. 1949
- I tillegg var han en flittig folkeopplyser med mange bidrag i tidsskrift og aviser
- Om han
- R. Tambs Lyche. «Sigurd Einbu : Minnetale» I: Det Kongelige norske videnskabers selskabs forhandlinger; bd 19. 1946
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «1912JRASC...6..144 Page 146». articles.adsabs.harvard.edu. Henta 11. august 2015.
- ↑ http://mnras.oxfordjournals.org/content/72/6/497.full.pdf+html
- ↑ http://www.narit.or.th/en/files/2012JAHHvol15/2012JAHH...15..246P.pdf
- ↑ http://adsabs.harvard.edu/full/1906AN....172..365E