Hopp til innhald

Dovre kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dovre kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Dovre
Areal 1 364 km²
 •  land 1 352 km²
 •  vatn 12 km²
Folketal 2 503  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Astrid Skomakerstuen Ruste[1] (Ap)
Kommunenr. 3431
Kart
Dovre kommune
62°02′06″N 9°28′03″E / 62.035°N 9.4675°E / 62.035; 9.4675
Kart som viser Dovre kommune.
Kart som viser Dovre kommune.
Kart som viser Dovre kommune.
Wikimedia Commons: Dovre
Nettstad: www.dovre.kommune.no

Dovre kommune ligg nord i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke og grensar i vest til Lesja kommune, i sør til Vågå og Sel, i aust til Folldal i Hedmark og i nord til Oppdal i Sør-Trøndelag. Store delar av kommunen ligg høgt over havet og inkluderer Snøhetta og nordlege delar av Rondane. I kommunen ligg det to kjente fjell; Snøhetta og Rondeslottet. Den mest kjente innsjøen er Vålåsjøen på Dovrefjell.

Dei to viktigaste tettstadene er Dovre og Dombås. I tillegg kjem Dovreskogen. Kommunesenteret ligg på tettstaden Dovre, medan kommunikasjonsknutepunktet er Dombås. Her skil trafikken mot Trøndelag og Møre og Romsdal lag.

Kommunen er kjend for eit rikt plante og dyreliv. Delar av kommunen inngår i tre nasjonalparkar: Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, Rondane Nasjonalpark og Dovre nasjonalpark.

Hovudnæringane i kommunen er landbruk, reiseliv, handel og service.

Kili gard i Dovre
Foto: Erlend Bjørtvedt
Dovre stasjon på Dovrebanen
Foto: Jan-Tore Egge

Gjennom kommunen renn Gudbrandsdalslågen. Delar av kommunen inngår i tre nasjonalparkar: Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, Rondane Nasjonalpark og Dovre nasjonalpark. I kommunen ligg det 2 kjente fjell; Snøhetta og Rondeslottet. Den mest kjente innsjøen er Vålåsjøen på Dovrefjell.

Dyre- og planteliv

[endre | endre wikiteksten]

Kommunen er kjent for eit rikt plante- og dyreliv. Spesielt kan nemnast moskusen som òg er avbilda i kommunevåpenet. Det er òg bestandar av villrein og jerv i kommunen. Fokstumyrene er internasjonalt kjent for sitt rike fugleliv. Planta mogop er avbilda i fylkesvåpenet for Oppland.

Dovre har innlandsklima med lite nedbør, kalde vintrar og relativt kjølige somrar grunna kommunens høgd over havet. Det er betydelege skilnader mellom dag- og nattetemperaturen i sommarhalvåret. Normalverdiar for perioden 1961−1990 er gitt i tabellen nedanfor.

Normalar for Dombås (645 moh.)[2] Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperaturnormal (°C) −9,4 −8,2 −4,3 0,3 6,5 10,7 12,0 11,1 6,6 2,2 −4,3 −7,7 1,3
Nedbør (mm) 33 25 23 14 27 51 57 49 40 43 35 33 430

Dovre har noregsrekorden for lågaste registrerte årsnedbør. På Hjerkinn blei det i 1914 målt så lite som 65 mm nedbør.

Kommunen låg i Oppland fylke fram til 2020.

Kommunikasjonar

[endre | endre wikiteksten]

Dombås er kommunikasjonsknutepunktet. Her startar Raumabana som går ned til Åndalsnes. Dovrebana går sørover til Oslo og nordover til Trondheim. På Dombås tar E-136 av frå E-6. I kommunen ligg det fleire historiske skysstasjonar; Hjerkinn, Fokstua, Lie seinare flytta til Dombås, Tofte seinare flytta til Toftemo og Dovreskogen seinare flytta til Brennhaugen.


Næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Landbruket og tilknytte næringar er viktige i Dovre, der ein hovudsakleg driv med grasbasert husdyrhald. Reiseliv er òg ei viktig næring i kommunen, som mellom anna satsar på moskussafari. Trafikknutepunktet Dombås sysselset fleire i servicenæringar. Av industri har Dovre ysteri, møbelfabrikk og skiferproduksjon. Mellom 1968 og 1993 dreiv Folldal Gruver gruvedrift i Tverrfjellet på Hjerkinn. Avisa Vigga er lokalavis for Dovre og Lesja kommunar.

Dovre har to barneskular, Dovre skule og Dombås skule. Den einaste ungdomsskulen, Dovre ungdomsskule er samlokalisert med Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule på Dombås. Den vidaregåande skulen tilbyr berre studiespesialisering her. Hjerleid skole og håndverkssenter på Dovre har vidaregåande, landsfemnande utdanningar i treskjering, smiing og andre tradisjonshandverk. Tidlegare var det også offentleg vidaregåande utdanning på Hjerleid i mellom anna landbruksmekanikk, bygg og studiespesialisering. På Dombås ligg leirskulen Dovre fjellskole.

Kommunevåpen

[endre | endre wikiteksten]

Moskusen er eit sentralt symbol for kommunen, og inngår i kommunevåpenet. Han representerer styrke, byrgskap og sjølvrådigskap, og refererer til den faste, ville moskusstammen i kommunen.

Kjente dovringar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Ap får ordfører i Dovre. NRK. Besøkt 15. november 2019
  2. eklima.no

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]