Slåttonn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hesje med gras som tørkar til høy.

Slåttonn er ei onn då ein slår og klargjer graset til vinterfôr. I tidlegare tider vart grase slege, tørka og køyrt inn over eit lengre tidsromm. I dag er det vanlegare å samla slått gras i silo eller rundballar.

Slåtten blir halden om lag midt på sumaren, eller ein kan slå graset to gonger — førsteslåtten ein gong tidleg på sumaren, og andreslåtten på seinsumaren.

Høyonn viser til slått der ein tørker gras til høy, medan siloslått viser til at ein legg det i silo.

Slåttonn i eldre tid[endre | endre wikiteksten]

Posering for fotografen under slåttonna på Øvre Kvåle i Bygland ei gong på slutten av 1800-talet.

I gamle dagar vart graset slege med ljå og tørka på marka, eller hesja. Å slå var tungt og tidkrevjande arbeid, så då slåmaskinane kom gjekk slåtten mykje lettare og snøggare. Endå snøggare gjekk det då traktorslåmaskinane kom.

Når ein tørka flathøy på marka var ein avhengig av tørt vêr, så på vestlandet var det vanleg å hesja. Å slå var mannfolkarbeid, men å breia det nyslegne graset, setta og kasta såter og å snu høyet var ofte kvinnfolkarbeid. Når høyet var tørt vart det køyrt inn. Dette arbeidet hasta det som oftast med, ettersom kvaliteten på graset gjekk ned om det tok til å regna, så det vart vått. På kysten var det vanleg at det kom floingar på sumaren og det hendte at det fylgde regn med desse.

Moderne slåttonn[endre | endre wikiteksten]

I dag vert det meste av graset lagt i silo eller pressa til rundballar og arbeidet vert utført med maskinar. Ein sler òg graset mykje tidlegare enn før, slik at ein får to eller tre avlingar per sesong.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]