Hopp til innhald

Silvrettahorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silvrettahorn
fjell
Piz Buin (venstre) og Silvrettahorn frå nordaust over Ochsentalerbreen
Land  Austerrike,  Sveits
Regionar Vorarlberg, Graubünden
Fjellkjede Silvretta
Høgd 3 244 moh.
Primærfaktor 195 m
Koordinatar 46°51′25″N 10°05′35″E / 46.85694°N 10.09306°E / 46.85694; 10.09306
Førstestiging Jules Jacot
 - dato 1865
Kart
Silvrettahorn
46°51′29″N 10°05′32″E / 46.858001°N 10.092342°E / 46.858001; 10.092342
Wikimedia Commons: Silvrettahorn

Silvrettahorn er eit bredekt fjell i Silvrettafjella i Aust-Alpane. Landegrensa mellom Sveits og Austerrike går over den 3 244 meter høge fjelltoppen. På sveitsisk side ligg kantonen Graubünden og på austerriksk side forbundslandet Vorarlberg. Silvrettahorn og grannetoppane er i aust og nordaust omkransa av den to kolometer lange isbreen Ochsentaler Gletscher i dalen Ochsental, i nordvest går Klostertal og på sørsida ligg Silvrettagletscher.

Schneeglocke (3 223 m), Schattenspitze (3 202 m) og Klostertaler Egghorn (3 120 m) er grannetoppar til Silvrettahorn, alle ligg på austerriksk grunn. Grensa mellom dei to landa fylgjer den vestgåande fjellryggen med toppen Rotfluh (3 166 m) og over fjelltoppen Signalhorn (3 207 m).

Den geologiske oppbygginga av Silvrettahorn er ganske kompleks. Øvste delen høyrer til det såkalla Silvrettadecke, den høgstliggjande tektoniske plata i berggrunnen i Silvrettafjella. Delar er krystallinske grunnsteinar danna under svært høgt trykk på den tid Alpane vart oppbygt, noko som førte til at metamorfe bergartar vart danna. Der av finn ein glimmerrike gneisar i området, og inn i mellom lys granitt og amfibolitt.

Silvrettahorn vart klive fyrste gongen i 1865. Jules Jacot hadde med seg to fjellførarar på den turen. Utgangspunkt for ein tur til topps er i dag på austerriksk side fjellhytta Wiesbadener Hütte på 2 433 moh i Ochsental, samt frå sveitsisk side Silvrettahütte tilhøyrande Schweizer Alpen-Club på 2 341 moh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]