Simen Brenne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Simen Brenne

Simen Brenne 01.JPG

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mars 1981 (41 år)
Fredrikstad
Idrett fotball

Simen Brenne (fødd 17. mars 1981) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Fredrikstad. Han vart noregsmeister i 2006 og 2007, samt seriemeister i 2013. Triumfane kom med tre ulike fotballag; Fredrikstad FK, Lillestrøm SK og Strømsgodset IF. Brenne var ein løpssterk spelar med ein bra skotfot.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Brenne debuterte med Selbak TIF på nivå 3 i det norske seriesystemet. Etter sesongslutt i 1999 fekk han proffkontrakt med eliteserielaget Moss FK. Han slo gjennom i 2002-sesongen som angrepsspelar. Etter nedrykk i 2003 og deretter ein svak sesong på nivå 2, vende Brenne tilbake til fødebyen. Frå 2005 spelte han på Fredrikstad FK, nyopprykkt eliteserielag. Her fekk han vere offensiv midtbanespelar, ein posisjon han seinare alltid skulle ha. Eit høgdepunkt kom i noregsmeisterskapen i fotball 2006. NM-finalen mot Sandefjord Fotball enda med at FFK sigra 3–0. Sesongane 2007 og -08 gjorde Brenne teneste i Lillestrøm SK. Ein fin fyrstesesong vart krona med siger 2–0 over FK Haugesund i cupfinalen 2007. Etter ein svak andresesong flytta han i 2009 til Odd Grenland. Han lukkast betre med laget frå Skien, eit lag som hevda seg i eliteserien og nådde semifinalar i NM.

Før sesongstart i 2013 skreiv Brenne kontrakt med Strømsgodset IF. Han fekk ein del speletid, men hadde inga sentral rolle i eit lag som overraska stort og vart seriemeister. Året etter sat han på benken, sesongen 2015 var han innbytar i ein del kampar for Sarpsborg 08. Han avslutta si tid som aktiv med Råde IL på nivå 5 i 2016 og -17.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Brenne fekk sin landslagsdebut 24. mars 2007 i ein EM-kvalifiseringskamp mot Bosnia-Hercegovina. Fire dagar seinare vart han matchvinnar då Noreg vann 1-0 over Tyrkia, hans einaste landslagsmål. Etter sin tredje landskamp måtte han vente i over to år før han atter kom i spel med landslagsdrakt. Frå september 2009 til januar 2012 deltok han i 12 landskampar. I alt var han med i 15 landskampar, 13 av dei som innbytar.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Noregsmeister: 2006 med Fredrikstad FK og 2007 med Lillestrøm SK
  • Seriemeister: 2013 med Strømsgodset IF

Kjelder[endre | endre wikiteksten]