Simlångsdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 56°43′18.966″N 13°7′47.820″E Simlångsdalen er ein svensk tettstad i Halmstads kommun i Hallands län i Halland. I 2005 hadde tettstaden 577 innbyggjarar.

Staden heitte Breared fram til byrjinga av 1900-talet, då stadnamnet blei endra til Simlångsdalen, basert på boka Folket i Simlångsdalen, skriven av Fredrik Ström.

Simlångsdalen ligg inntil innsjøane Simlången og Brearedssjön i Fylleån-vassdraget. Ca. 2 km sør for Simlångsdalen ligg Danska fall, eit vassfallsystem og naturreservat. Aust for Simlångsdalen ligg naturreservatet Långhultamyren. Ved Simlångsdalen ligg den privateigde hagen Vargaslätten, som blei bygd av Sigfrid Ericson.

Forfattaren og politikaren Fredrik Ström blei fødd i Simlångsdalen. Songaren Per Gessle budde som barn nokre år i Simlångsdalen[1]

I Simlångsdalen finn ein av dei største loppemarknadene i Sverige stad kvart år helga etter sankthans, med fleire tusen vitjande.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klima 1961-1990
Måned jan feb mar apr mai jun jul aug sep okt nov des Hele året
Normal temperatur (°C) -2,4 -2,3 0,6 4,9 10,7 14,3 15,4 14,8 11,3 7,5 2,9 -0,6 6,4
Normal nedbør (mm) 88 57 73 58 55 78 109 99 110 104 117 106 1 053

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftonbladet: "Marie klagar på att jag sjunger falskt"