Simon Holmesland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Simon Holmesland
Fødd 29. juli 1823
Holum
Død

11. januar 1895
Holum

Yrke politikar

Simon Pedersson Holmesland (29. juli 182311. januar 1895) var ein underoffsier, gardbrukar, lensmannog stortingsmann frå Holum i Vest-Agder. Peter Holmesland var sonen hans, Søren Jaabæk og Johan Holmesland brørne hans.

Han var fødd på Holmesland i Holum, faren var gardbrukar. Sjølv tok han underoffiserseksamen i 1844, og var underoffiser fram til 1856. Gardbrukar i Holum, i fyrste omgang fire år på garden Brinsdal, åra 1857-71 på garden Møll. Han var lensmann i Holum frå 1857 til 1871, deretter i same stilling i Vanse fram til 1894.

Holmesland var stortingsmann frå Lister og Mandals amt frå 1874 til 1879. Han var medlem av militærkomiteen. I si tid var han medlem av heradsstyret i Holum, og sidan av bystyret i Farsund. Elles var han formann i Lister fogderi sin matrikkelkommisjon.

Han døydde i Farsund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]