Johan Holmesland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johan Holmesland
Fødd4. januar 1833
Holum
Død1. mai 1914
Sarpsborg
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Peder Johan Pedersson Holmesland (4. januar 18331. mai 1914) var ein gardbrukar, utskiftingsmann og stortingsmann frå Holum i Vest-Agder. Søren Jaabæk og Simon Holmesland var brørne hans.

Holmesland gjekk 1850-52 landbruksskulen i Lister og Mandals amt. Han var 1853-57 amtsagronom i engvatning i Lister og Mandals amt, sidan utskiftingsformann i amtet frå 1859 til 1908. Gardbrukar i Søgne 1863-92.

Holmesland var 1879-87 medlem av heradsstyret i Holum, 1892-94 formann i amtsskattekommisjonen. Åra 1892-1904 formann i kommunikasjonskomiteen Kristiansand-Eigersund, og var også formann i fellesskomiteen for vestlandsbanen. Elles var han medlem av ei rekke av offentlege komitear og utval, mellom anna formann i Verdalskomiteen frå 1900.

Holmesland representerte Lister og Mandals amt på Stortinget frå 1880 til 1891. Han var i 1880-82 medlem av justiskomiteen, dei neste to valperiodane av vegkomiteen. Også medlem av vegkomiteen i 1889, formann i same 1890-91. Denne siste perioden hans på Stortinget, 1889-91, var han også medlem av valkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]