Simrishamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 55°33′00″N 14°21′00″E

Stora Rådmansgatan i Simrishamn

Simrishamn (tidlegare dansk Simmershavn, tidlegare òg Cimbers hamn) er ein svensk by og centralort i Simrishamn kommun i Skåne län i landskapet Skåne. I 2005 hadde byen 6 546 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sigurd Jorsalfare skal i følgje Heimskringla ha kome siglande til «Svimraros» (Simris) i år 1123 og herfrå ha gjort utfall mot Tommerup.

Før byen blei kjøpstad var det eit lite fiskeleie på staden, som var hamn for den nærliggande kjøpstaden Tommerup, der den danske kongen hadde eit myntverk. Simmershamn fekk kjøpstadsprivilegium og ei ny kyrkje, Sankt Nicolai på byrjinga av 1300-talet. Byen blømde under Kristian IV, men blei i 1655 kraftig råka av pest. Byen var ein viktig del i handelen med det nærliggande Bornholm.

I 1657 vitja kong Frederik III byen, og året etter gjekk Simrishamn over til Sverige. Den svenske arméen hogg ned den omkringliggande bøkeskogen, for å unngå at motstandsmenn og snapphanar kunne gøyme seg i han. Busetjarane sørgde over tapet av skogen, og over at svina ikkje lenger kunne finne føde i han. Det blei innført toll og restriksjoner på handelen med Danmark og Bornholm, noko som medverka til at byen gjekk i dvale i ein lengre periode.

I dag er Simrishamn eit ynda turistmål på Østerlen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]