Sindelfingen
Utsjånad
| Sindelfingen | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Stat | Baden-Württemberg | ||
| Region | Stuttgart | ||
| Landkreis | Böblingen | ||
| Høgd | 449 m | ||
| Areal | 50,83 km² | ||
| Folketal | 65 504 (31. desember 2023)[1] | ||
| Først nemnd i | 1155 | ||
| Postnummer | 71063–71069 | ||
| Retningsnummer | 07031 | ||
| Bilnummer | BB, LEO | ||
![]() Sindelfingen 48°42′48″N 9°00′10″E / 48.713333333333°N 9.0027777777778°E | |||
| Wikimedia Commons: Sindelfingen | |||
Sindelfingen er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 65 000 innbyggjarar. Byen ligg om lag 15 km sørvest for Stuttgart.
Byen grensar til Böblingen, Stuttgart og Leonberg, og byen glir faktisk i eitt med Böblingen. Elva Schwippe har sitt utspring i Sindelfingen. I nord ligg naturreservatet Glemswald.
Foto: Jürgen Götzke
|
Økonomien i byen er hovudsakleg basert på bilindustrien, særleg fabrikken DaimlerChrysler og kontora til Smart. I mellomalderen låg det eit veveri i byen, og i dag står moteindustrien framleis sterkt her.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Sindelfingen vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1155, men sjølve byen vart grunnlagd i 1263 av grev Rudolf von Tübingen-Herrenberg. I 1535 vart byen protestantisk som følgje av reformasjonen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Alle politisch selbständigen Gemeinden mit ausgewählten Merkmalen am 31.12.2023 (på tysk), Statistisches Bundesamt, 28. oktober 2024, Wikidata Q131220759, arkivert frå originalen 17 November 2024, henta 16. november 2024
- Denne artikkelen bygger på «Sindelfingen» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2007.

