Singel i musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Ein tradisjonell single er ei grammofonplate som vanligvis inneheld eitt lydspor eller éin komposisjon på kvar plateside og som skal spelast av med ein omdreiiingshastigheit på 45 omdreiingar i minuttet.

Ein singel eller singelplate (òg skrive single), ofte forkorta SP (Single Playing) er eit standardisert format for grammofon- og CD-plater. Ein singel inneheld mindre lyd, det vil seia kortare lydopptak og færre lydspor enn musikk- og lydplater i andre format (EP- og LP-plater).

Ei tradisjonell singelplate er ei grammofonplate med berre eitt lydspor eller éin komposisjon per plateside. Hovudsongen er vanlegvis plassert på A-sida, medan B-sida inneheld eit bonusspor. Ein grammofonsingel har ein diameter på 17,5 cm og skal spelast av med 45 omdreiingar per minutt, og kan derfor òg kallast ei 45-plate. Slike singelplater kom på marknaden i 1948 saman med større plater i såkalla LP-format. Ein CD-singel består som regel av éin hovudsong og éin til tre «bonussongar». Ein maxi single ville bestå av fleire enn to songar.

Singlar vert ofte gjevne ut både i forkant og etterkant av eit studioalbum for å marknadsføre musikken og selje fleire pater. Ofte vert det òg spelt inn ein musikkvideo til singlane som kjem ut. På ein singel kan det i tillegg til hovudsporet vere konsertopptak, andre songar frå studioalbumet, tidlegare ikkje utgjevne songar, demoar eller den same songen i forskjellige versjonar.

Singelsalet vert registrert på singellister i dei fleste land, som til dømes VG-lista i Noreg, Billboard Hot 100 i USA og UK Singles Chart i Storbritannia. Desse listene vert ofte publiserte i magasin eller aviser, og mange fjernsynsshow eller radioprogram som tar ei nedtelling på lista. For å kome med på lista må ein følgje somme krav som dei som eig lista avgjer, som regel går det på platesal og kor mange gonger songane vert spelte på radio. I dag er mange av desse listene òg basert på mengda nedlastingar av songen.

Singlane hadde stordomstida si særleg i 1950- og 1960-åra, i starten av rockehistoria, særleg fordi dei var billigare enn heile album. Utover i 1960-åra vart det større fokus på album og samanhengande tema, men singlane var framleis eit viktig marknadsføringsledd. I løpet av 1990- og 2000-åra har singlane vorte mindre viktige, sidan både album og singlar vert gjeve ut på CD-plater som har meir eller mindre same produksjonskostnad og album vart hovudmetoden å selje musikk på.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]