78-plate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjellakplate frå Deutsche Grammophon-Gesellschaft.
Ei 25 cm skjellakkplate frå 1933, i konvolutt.

Ei 78-plate, og kalla skjellakkplate og steinkake, er ei grammofonplate med riller som inneheld ein analog representasjon av lyd. 78-platene blir avspela ved nominelt 78 omdreiingar i minuttet — derav namnet 78-plate. Nokre av dei eldste 78-platene hadde berre lydopptak på éi side, men dei fleste 78-platene hadde lydopptak på båe sidene — ei rille per side. Platene vert spela utanfrå og innover.

Materialar[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste platene vart laga av mange ulike materialar, som hard gummi[1][2], ei blanding av voks og eterar[3]. I 1896 oppdaga Fred Gaisberg at skjellakk-baserte plater fungerte betre enn hardgummi[2] og frå 1897 gjekk ein over til ei blanding av ca. 1/3 skjellakk og resten mineral som skifer, kalk, bomullfiber osb. (dei ulike føretaka nytta rett nok noko ulike materialar og blandingstilhøve). Frå då av dominerte skjellakk-baserte plater marknaden[4]. Grunnen til at ein blanda skjellakk med mineral var at plater laga av skjellakk åleine ikkje var stabile nok. Det er desse tilsetningsminerala som fører til at støy ved avspeling av skjellakkplater[5]. Ein reduserte òg prisen ved å blanda inn andre materialar. Desse platene vert kalla «skjellakkplater» eller «steinplater», men på grunn av at rotasjonshastigheiten etter kvart vart standardisert til 78 o/min vert dei òg kalla «78-plater».

Platene vart opphavleg spela men ein stift av stål. For at stiften skulle passa til forma på rillene var han laga av mjukt stål og platene hadde innblanda eit slipemiddel som endra fjerna materiale frå stiften, slik at han etter nokre omdreiingar fekk om lag same form som rilla[treng kjelde]. Dette førte til at stiften måtte byttast ut etter kvar plate. Det vart difor selt stiftar i øskjer.

I 1904 freista ein å laga cellulose-baserte plater, men dette materialet genererte meir støy under avspeling enn dei skjellakk-baserte platene og vart difor ingen suksess[4]. Skjellakk vart produsert i Søraust-Asia og på grunn av japansk okkupasjon av Søraust-Asia vart det under 2. verdskrigen vanskeleg å få ta i skjellakk. Det var difor produsert plater av andre materialar, som ikkje alltid var like haldbar som skjellakk.

Gravering og riller[endre | endre wikiteksten]

Avspeling av 78-plate på ein Victor tutgrammofon.

Dei fyrste lydinnspelingane vart gjort ved hjelp av fonografar, som lagra informasjonen på ein rull[6]. Dei fyrste innspelingane på plater vart utførte av Emil Berliner i 1887[7]. Edison nytta vertikal modulering på fonografrullane sine, og hadde patentert dette prinsippet. Berliner omgjekk patenta til Edison ved å nytta lateral modulering (sidevegs rørsle)[8]. Lateral gravering hadde vist seg å fungera betre enn vertikal gravering, og vart etter kvart nytta av dei fleste plateprodusentane, men nokre føretak, som Edison og Pathé heldt fram med å nytta vertikal gravering.

Dei fyrste skjellakkplatene hadde etter måten grove rille og radiusen på stiften var ca. 100 μm. Rillene vart gradvis redusert til 90, 76 og 64 μm. Men ulike produsentar nytta ulik rillestorleik, og når rillene vart slitne var det ikkje alltid at den opphavlege storleiken høvde. Gamle 78-plater er ofte slitne, så ved avspeling med moderne diamantstiftar er det naudsynt å prøva seg fram med ulike stiftradiusar. Ved å nytta ein stift med butt (flatslipa) ende kan ein redusera støynivået noko. Slike stiftar er berre tilgjengeleg frå nokre få produsentar som har spesialisert seg på sliping av stiftar. Sjølv om diamant er mykje hardare enn stål fører slipemiddelet i platene til slitasje på stiften, så han varer ikkje like lenge som ein stift for avspeling av vinylplater. Men som oftast er ein berre interessert i å overføra musikken på 78-plater til eit digitalt format, så ein treng ikkje å spela kvar plate meir enn ein gong.

Rotasjonshastigheit[endre | endre wikiteksten]

I starten var det ingen standard for rotasjonshastigheita og det vart nytta fleire ulike hastigheiter, som varierte frå 60 til 120 o/min[4]. I ein katalog frå Odeon frå 1912 varierte hastigheita frå 74 til 82 o/min, og i ein HWM-katalog frå 1915 varierte hastigheitene frå 79 til 86 o/min[9]. I 1925 vart det semje om ei nominell hastigheit på 78 o/min, men då ein gjekk over til elektrisk drift enda ein opp med 77,92 o/min i Europa og 78,25 i Nordamerika; dette på grunn av ulik nettfrekvens (50 Hz i Europa og 60 Hz i Nordamerika). Motorane sort nytta under opptak og avspeling var av urverktypen, drivne av ei fjør, og hastigheita kunne variera noko frå spelar til spelar[8] og etter kor mykje opptrekt fjøra var. I ettertid — etter at andre platetypar, med andre hastigheiter, kom på marknaden — har skjellakkplater med ei nominell rotasjonshastigheit på 78 o/min vorte kalla «78-plater».

Diameteren kunne òg variera mykje på tidlege plater; Berliner produserte tidleg plater med diameter på 17,5 cm, men 30,5 cm (innført i 1903) og 25,4 cm (innført i 1910) var dei vanlegaste storleikane. Men det vart òg produsert plater med diameter på 12,7 cm og 20,3 cm.

Speletid[endre | endre wikiteksten]

Songen «Si tu n'étais pas là» framført av Fréhel.

Speletida per side var avhengig av ytre og indre diameter på det graverte ringen, rotasjonshastigheita, rillebreidda og rilleavstanden, og varierte frå i underkant av tre til fire minutt for 25 cm plater og frå fire til seks minutt for 30 cm plater, som vist i tabell 1. Med 40 cm plater — som berre vart nytta i studio og for kringkasting — varierte speletida frå 6,5 til 10 min. Det var difor mest praktisk å gje ut stutte musikkstykke. Etter som det vart nytta lateral modulasjon stod rilleavstanden i høve til modulasjonsdjupna. Ein kunne difor oppnå noko lengre speletid ved å redusera modulasjonedjupna, men signalet vart då svakare i høve til støyen. Etter kvart vart breidda på rillene redusert, noko som kravde mindre radius på stiften. Rillebreidda vart etter kvart redusert, men det var ingen standard for dette og plateselskapa dokumenterte sjeldan kva breidd rillene hadde.

Tabell 1: Speltider [min]
Riller per cm Diameter [cm]
40 30,5 25,4
37,8 6.5 4.0 2.75
44,1 7.5 4,5 3.25
47,2 8 5 3.5
53,5 9 5.5 3.75
60,6 10 6 4

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I 1918 gjekk patenta til Berliner ut og fleire selskap tok til å produsera skjellakkplater[4]. 78-platene vart populære frå tidleg på 1900-talet og var hovudmedietypen for lyddistribusjon frå da av og langt inni 1950-åra, i nokre marknadar langt inn på 1960-talet. Dei siste 78-platene vart produserte i Argentina, så seint som på byrjinga av 1970-talet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Read, O. og Welch, W.L., From tin foil to stereo, Howard W. Sams & Co., 1976.
  2. 2,0 2,1 A History of Records, The Record Collector's Resource. (vitja 8/8-2019)
  3. H-Weiss, E., Phonographes et musique mechanique, Librairie Hachette, 1930.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Les disques 78 tours, Radioman 33. (vitja 7/8-2019.)
  5. Dutton, G.F., Grammophone turntable speeds - What is the best speed for microgrove recording?, Wireless World, juni 1951, ss. 227-231.
  6. Read, O., The recording and reproduction of sound, Howard W. Sams & Co., 1952.
  7. Burkowitch, P.K., Die etwas andere Geschichte der Schall-Platte, EBS Production, 2013.
  8. 8,0 8,1 Beardsley, R. og Leech-Wilkinson, D., A Brief History of Recording to ca. 1950, AHRC Research Centre for the history and analysis of recorded music, 2009.
  9. Speeds on shellac records, Discogs, (vitja 7/8-2019)