Låghastigheitsplate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Låghastigheitsplate er grammofonplater som roterer med låg hastigheit, for å auka speletida. Platene var mynta på bruk der kvaliteten ikkje spela så stor rolle, som til dømes lydbøker.

Plater med rotasjonshastigheit 16 2/3 o/min[endre | endre wikiteksten]

Best kjend er plater som roterer med 16 2/3 o/min. Dei har dobbelt så lang speletid som mikrorilleplater og stereoplater, som roterer med 33 1/3 o/min, men lydkvaliteten er dårlegare. Desse platene var for det meste nytta for å ta opp lyd der kvaliteten ikkje vart sett på som viktig, slik som til dømes lydbøker, men òg i nokon grad til musikk[1] som vart nytta som bakgrunnsmusikk i butikkar, restaurantar, osb. Sjølv om slike plater ikkje var vanlege hadde mange platespelarar på 1950- og 1960-talet fire hastigheiter: 16 2/3, 33 1/3, 45 og 78 o/min[2]. Slike plater vart produserte med diameter 18, 23, 25 og 30 cm. Men dette formatet fekk ingen stor utbreiing.

Plater med svært låg rotasjonshastigheit[endre | endre wikiteksten]

I 1958 vart det set i gang forskning på plater som roterte med 8 1/3 o/min[3]. Desse platene hadde ei speletid på 5 timar, med ein diameter på 30 cm. Føremålet var å produsera billige lydbøker for blinde. I 1966 var hastigheita kome ned i 4 1/6 o/min, med speletid på ca. 10 timar for ein diameter på 30 cm[3]. Mot slutten av 1960-talet var speletida oppe i 20 timar, men kvaliteten var ikkje god og platene ser ikkje ut til å ha fått noko praktisk betydning.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Welcome to 16 RPM music records. (vitja 24/7-2019)
  2. Slower than slow: 16 RPM records, Bloggerhythms, 12/5-2011.
  3. 3,0 3,1 Levens, L.M., High-density disc recording systems, Jou. Audio Eng. Soc., band 17, nr 3, 1969, ss. 309-311.