Singen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Singen

Singen er ein by og ein kommune med ikring 48 000 ibuarar heilt sør i delstaten Baden-Württemberg i Tyskland. Byen ligg 429 meter over havet. Elva Radolfzeller Aach renn forbi Singen.

Singen er ein industriby. Her er aluminiumsverk, stålverk, næringsmiddelprodusenten Maggi og støypejarnsfabrikanten Fondium.

Spjutkastaren Klaus Tafelmeier og den portugisiske fotballspelaren Cédric Soares er begge fødde i Singen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]