Sinnataggen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sinnataggen av Gustav Vigeland i skulpturparken Vigelandsanlegget i Frognerparken i Oslo.
Foto: Kjetil Ree

Sinnataggen er det vanleg nytta namnet på ein 83 cm høg skulptur av bronse som Gustav Vigeland har laga og fått plassert mellom fleire andre skulpturar på brua i Vigelandsanlegget i Frognerparken i Oslo. Skulpturen syner ein særs sinna liten gut, og er mellom dei mest vidgjetne einskildskulpturane Vigeland står attom. Truleg var det i 1928 at Vigeland modellerte skulpturen, som vart sett opp i 1940.

Brua med bronseskulpturane. Sinnataggen står sentralt plassert i rada på den sida av brua som er lengst vekk på fotografiet.

Sinnataggen har vore utsett for hærverk fleire gongar, og har og vorte saga ned og fjerna, men har kome til rette att.

Bakgrunnsstoff og kjelder[endre | endre wikiteksten]

Om brua i Vigelandsanlegget og skulpturane på brua, på Vigelandsmuseets internettsider.