Sinober

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sinober
Cinnabarit 01.jpg
Sinober
Generelt
KategoriSulfidmineral
Kjemisk formelKvikksølv(II)sulfid, HgS
Strunz-klassifisering02.CD.15a
KrystallsymmetriTrigonal trapezoeder
H-M-symbol: 3 2
Romgruppe: P31 2 1
Einingscellea = 4,145(2) Å, c = 9,496(2) Å, Z=3
Identifikasjon
FargeKaminraudt, mot brunraud og blygrå
KrystallformRomboeder til tavleforma; korna til massive og som skorper
KrystallsystemTrigonal
TvillingEnkkle kontakttvillingar, tvillingplan {0001}
Kløyvprismatisk {1010}, perfekt
BrotUjamn til undermuslig
FastleikKan lett skjerast
Mohs hardleiksskala2–2,5
GlansDiamantaktig til matt
StrekfargeSkarlagen
TransparensGjennomsiktig i tynne delar
Spesifikk vekt8,176
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (+)
Brytingsindeksnω = 2,905 nε = 3,256
Dobbeltbrytingδ = 0,351
Oppløyselegheit1,04 x 10-25 g per 100 ml vatn[1]
Kjelder[2][3][4]

Sinober eller cinnabaritt er eit raudt mineral, ein trigonal modifikasjon av kvikksølv(II)-sulfid, HgS. Det inneheld i rein tilstand 86,2 % kvikksølv og er det klårt viktigaste kvikksølvmineralet. Større førekomstar finst i Spania (Almadén), Slovenia (Idrija), Italia (Monte Amiata), Kina (Hunan-provinsen), Russland (Ural), Mexico og USA (California). Mineralet vart tidlegare brukt som raud målarfarge, men er erstatta av kunstig framstilt sinober. Ein svart, kubisk modifikasjon av HgS finst i naturen som det langt sjeldnare mineral metacinnabaritt.

Namnet er av orientalsk opphav, der siste delen kan ha samanheng med arabisk apar, 'raudt støv'. Det har kome til norsk over gresk kinnabari, fransk cinabre' og tysk Zinnober.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Meyers, J. (1986), Chem. Ed. 63: 689 
  2. Mineral Handbook
  3. Mindat
  4. Webmineral

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sinober