Ångström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein ångstrøm (symbol Å, også ångström, angström, eller angstrom ) er ei lengdeeining.[1] Eininga er ikkje ei SI-eining, men vert delvis likevel brukt i samband med SI. Ein Å er ofte nytta for å forklare storleiken til eit atom, lengda til kjemiske bindingar, røntgenstråling og det det synlege optiske spekteret (lys).[1]

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

1 ångström (Å) = 10–10 meter= 0,1 nm = 100 pm

Til samanlikning er gjennomsnittlege diameteren til eit atom rekna ut til å vere i området frå omtrent 0,5 Å for hydrogen, det minste atomet, til omtrent 3,8 Å for uran, eit av dei største naturlege grunnstoffa på jorda.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Eininga er oppkalla etter den svenske fysikaren Anders Jonas Ångström (1814–1874),[1] ein av grunnleggarane for spektroskopi. I tillegg studerte Ångström varmeoverføring, jordmagnetisme og nordlys. Han laga spektrale kart over solstråling som viser lengda av elektromagnetisk stråling i det elektromagnetiske spekteret i multiple einingar av ein ti-milliontedel av ein millimeter, eller 10−10 meter. Denne lengdeeininga vart då kjent som ångström, Å.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «ångstrøm», Store norske leksikon, 13. mars 2015, https://snl.no/%C3%A5ngstr%C3%B8m, henta 22. januar 2017