Sir George Clark, tredje Baronett av Dunlambert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sir George Clark, tredje Baronett av Dunlambert
Fødd24. januar 1914
Død20. februar 1991
Statsborgar avStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PartiUlster Unionist Party
Yrkepolitikar
Utdanna vedCanford School
MedlemOrangeordenen

George Anthony Clark (24. januar 191420. februar 1991) var 3. baronett av Dunlambert (frå 1951), og kunne difor bruka «Sir» framom namnet sitt. Han var ein framståande medlem av Orangeordenen og leiande politikar for Ulster Unionist Party frå Nord-Irland.

Slekt, familie, oppvekst og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Baroniet Dunlambert ligg i Belfast, og vart skipa i 1917 til bestefaren, forretningsmannen og unionistpolitikaren George Clark, som hadde skotsk presbyteriansk bakgrunn. George Anthony Clark gjekk på Canford School, ein eksklusiv høgstatusskule i Dorset i det sørvestlege England, før han vart bonde og direktør. Faren hans var Sir George Clark, 2. baronett av Dunlambert, og han vart etterfylgd som 4. baronett av Dunlambert av broren (Sir) Colin Clark. George Anthony Clark gifta seg med Nancy Catherine Clark (1927-2016), som og hadde familienamnet Clark. Dei fekk ei dotter.

Politisk karriere[1][endre | endre wikiteksten]

Clark vart vald som representant for Ulster Unionist Party til regionsparlamentet i Belfast frå Belfastvalkrinsen Dock i 1938, men vart ikkje attvald i 1945. Han vart seinare (1951) vald til senatet i Nord-Irland, der han sat til 1969 og var "Deputy speaker" 1957-1959. Frå 1967 til 1972 var han formann for "Standing Committee" det store partirepresentantskapet på opptil 360 medlemer som representerte alle delar av unionistpartifamilien (irekna Orangeordenen) og som valde partileiar og "sentralstyre" (executive committee) for partiet. Frå 1980 til 1990 var han President for Ulster Unionist Council det største overordna representantskapet for partiet. Ulster Unionist Council var kjerna i partiet, og presidentvervet der, kan reknast som ein av dei viktigaste posisjonane i partiet. Frå 1957 og i ein periode på ti år, var han stormeister i Grand Orange Lodge of Ireland, og han var "Imperial Grand President" for Imperial Grand Orange Council of the World 1958-1961.

Sir George Clark må difor reknast som ein sentralfigur i Nordirsk unionisme og Orangeisme frå slutten av 1930-åra til 1980-åra.[2] Clark representerte tradisjonelle sekteriske unionist- og Orangeverdiar. I 1959, medan Clark var sentral i Senatet og Orangestormeister for Irland, intervenerte han kraftig mot eit framlegg om at katolikkar kunne få medlemskap og verta valkandidatar for Ulster Unionist Party. I diskusjonen om dette vart det peikt på at eit av føremåla til partiet var "to protect civil and religious liberties." Sir George Clark "skaut ned" framlegget ved å presisera fylgjande: "I would draw your attention to the words "civil and religious liberty". This liberty, as we know it, is the liberty of the Protestant religion ... in view of this it is difficult to see how a Roman Catholic, with the vast difference in our religious outlook, could either be acceptable within the Unionist Party as a member or, for that matter, bring himself unconditionally to support its ideals. Furthermore, and Orangeman is pledged to resist by all lawful means the ascendancy of the Church of Rome ..."[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Der ikkje anna er nemnd er Engelskspråkleg Wikipedia: Sir George Clark, 3rd Baronet, https://en.wikipedia.org/wiki/Sir_George_Clark,_3rd_Baronet saman med John Harbinson: The Ulster Unionist Party 1882-1973. Its development and organisation. Belfast, Blackstaff Press 1973, s. 190. SBN 85640-076-9
  2. I Henry Patterson og Eric Kaufmann: Unionism and Orangeism in Northern Ireland since 1945. The decline of the loyal family. Manchester, Manchester University Press 2007, s. 48 ISBN 978-0-7190-7744-9 omtalast Sir George Clark in ein situasjon frå kring 1950 som "one of the key members of the party elite for the next thirty years."
  3. Tony Gray: The Orange Order. London, Bodley Head 1972, s. 227 ISBN 0-370-01340-9