Hopp til innhald

Sirið Stenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sirið Stenberg

Fødd26. mai 1968 (56 år)
Vágur
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiTjóðveldisflokkurin
Yrkepolitikar, sjukepleiar
EktefelleJón Pauli Olsen
VervSosial- og kulturminister på Færøyane 22. desember 2022
FøregangarSólvit E. Nolsø (sosial) og
Jenis av Rana (kultur)
VervHelse- og innanriksminister på Færøyane 15. september 2015–16. september 2019
FøregangarKarsten Hansen
EtterfylgjarKaj Leo Johannesen
VervLagtingsmedlem 29. oktober 2011–
Alle verv
  • Færøyenes helseminister (2015–2019)
  • Færøyenes kulturminister (2022–) Sjå dette på Wikidata

Sirið Stenberg (fødd 26. mai 1968) er ein færøysk politikar og sjukepleiar. Ho er sosial- og kulturminister på Færøyane frå desember 2022. Ho representerer partiet Tjóðveldi.

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Stenberg er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning i nyføddsjukdommar, amming og helsefremjande og sjukdomsførebyggjande arbeid for barn og unge.[1]

Stenberg var sjukepleiar ved sjukehuset i Hvidovre før ho vende tilbake til Færøyane og byrja i heimesjukepleien. I 2001 blei ho helsesyster på Suðuroy. Frå 2006 til 2008 var ho konstituert som leiar ved fagutdanninga for helse- og omsorgsarbeidarar på Færøyane.[1]

Politisk arbeid

[endre | endre wikiteksten]

Stenberg blei fyrste gong vald inn i kommunestyret i Vágs kommuna i 2008 og på Lagtinget i 2011. I perioden 2011–2015 var ho formann i Lagtingets kontrollkomité.[1]

Frå 2015 til 2019 var Stenberg helse- og innanriksminister i den fyrste regjeringa til Aksel V. Johannesen. Mens Stenberg sat i regjering, møtte hennar kusine Óluva Klettskarð på Lagtinget.[2][3]

Då Stenberg gjekk tilbake til tinget etter valet i 2019, blei ho nestformann i Lagtingets velferdskomité og medlem av Lagtingets justiskomité. Etter valet i desember 2022 blei ho på nytt medlem av regjeringa.

Stenberg er gift med Jón Pauli Olsen, som var landslagstrenar for det færøyske kvinnelandslaget i fotball.[4] Paret har tre barn saman.[5]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Sirið Stenberg» (på færøysk). Lagtinget. Arkivert frå originalen 27. august 2018. 
  2. «Óluva Klettskarð» (på færøysk). Tjóðveldi. Arkivert frå originalen 25. februar 2021. Henta 19. mai 2020. 
  3. «Óluva Elin Klettskarð» (på færøysk). Slekt og ættarbond í Suðuroy. Henta 19. mai 2020. 
  4. faroesoccer.com
  5. logting.fo, Sirið Stenberg