Kaj Leo Johannesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kaj Leo Johannesen
KajLeoJohannesen crop.jpg
Fødd28. august 1964
Tórshavn
Statsborgar avFærøyane
PartiSambandsflokkurin
Yrkefotballspelar, handballspelar, politikar, forretningsdrivande
VervLagmann på Færøyane 2008-2015
FøregangarJóannes Eidesgaard
EtterfylgjarAksel V. Johannesen

Kaj Leo Holm Johannesen (fødd 28. august 1964) er ein færøysk politikar som var lagmann på Færøyane frå 2008 til 2015.

Kaj Leo Johannesen er tidlegare skipsførar og medeigar av Farex, eit fiskeeksportfirma.

Johannesen var frå 1997 til 2000 byrådsmedlem i Tórshavn, og lagtingsmedlem sidan 2002. Han var landsstyresmann for utanrikssaker (utanriksminister) frå 2004 til 2008. I 2004 vart han òg leiar for det liberalkonservative partiet Sambandsflokkurin (Sambandspartiet).

26. september 2008 blei Kaj Leo Johannesen valt som lagmann i ei koalisjonsregjering mellom Sambandsflokkurin, det sosialdemokratiske partiet Javnaðarflokkurin og det konservative Fólkaflokkurin (Folkepartiet). Johannesen legg mellom anna vekt på å knyta Færøyane nærare til EU.

Johannesen er òg ein tidlegare fotballspelar. Han var målmann for den færøyske klubben HB Tórshavn i 16 år (1984–2000), og blei færøysk meister i 1988, 1990 og 1998. Han spelte òg 4 landskamper for Færøyane sitt A-landslag i 1991 og 1992.

Johannesen er gift med Jórun Johannesen. Dei har sønene Heina og Jákup og bur i Tórshavn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]