Sirkelkrok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sirkelkrok

Sirkelkrok er ein ongel som vert brukt både av yrkesfiskarar og sportsfiskarar. Han har fått namn etter utsjånaden, som nærmar seg sirkelform. Ein vitig detalj er spissen , som er benda minst 90 grader rett innover, mot leggen på andre sida av gapet.

Frislepp av fangst[endre | endre wikiteksten]

Sirkelkroken er særleg godt eigna når ein fiskar etter fisk som skal sleppast fri. Det kan vere under fang og slepp fiske, der ein når fisket startar har bestemt at fisken skal sleppast fri. Det kan vere at det er reglar som gjer at fisken ein får ikkje er lovleg. Fisken held ikkje minstemål, eller det er andre, gjerne lokale reglar ein må fylje. For å hjelpe til å verne laksebestanden er det i mange elvar reglar for at hofiskar skal sleppast fri. Skapet på denne ongelen, og då særleg den innbøygde spissen, gjer at han fester seg særleg lett i lepper eller munnvikar på fisken. Det vert då enklare å få fisken av kroken utan å skade han.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Når ein fiskar med sirkelkrok er det anbefalt å ikkje gjere raske tilslag. Sidan spissen vender inn kan ein då lett rykke kroken ut av munnen til fisken utan at han krøkjer.

Det finst svært mange utformingar av fiskekrokar, som og liknar på sirkelkrok. Men krokar der spissen ikkje er innbøygd, vil feste seg lenger inne i fisken, som då lettare vert skada om han skal sleppast fri.

Det er og viktig at agnet vert festa slika at det ikkje skjuler spissen på kroken.

Yrkesfiskarar brukar gjerne sirkelkrok under linefiske. Det er ein passiv fiskereiskap. Når fisken vil spytte ut att kroken etter å ha teke agnet, hukar sirkelkroken lett i leppe eller munnvik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]