Minstemål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Minstemål for fisk er reglar som skal verne fiskebestandar mot sterk beskattning på unge individ, før dei kan formeire seg. Hovudregelen er at fiske i sjøen er fritt i norsk økonomisk sone. Men alle som fiskar i sjøen må følgje reglane for minstemål. Det gjeld både yrkesfiskarar og sportsfiskarar.

Reglane er innførte av Nærings- og fiskeridepartementet ved Fiskeridirektoratet. Gjeldande forskrift er Forskrift om gjennomføring av fiske, fangst og høsting av viltlevende marine ressurser (høstingsforskriften) (iverksett 01.01.2022). [1]

I tillegg til minstemål inneheld forskrifta reglar for maskevidde, begrensning i bruk av ymse fiskeredskap, bifangst, fredning av ymse arter til ulike tider m.m.

Fisken skal målast frå snutespissen til enden av den ytterste strålen på sporen.

For ein del artar er det ulike minstemål i ulike havområde. For torsk er minstemålet nord for 62° N, 44 cm, og Sør for 62° N, 40 cm.[2]

Kveite har eit minstemål på 80 cm.

Forskrifta om minstemål gjeld både yrkesfiskarar og sportsfiskarar. Fiskeridirektoratet melder at målretta fiske på undermåls fisk kan verte straffa. Men målet med forskrifta er i større grad å få fiskarane til å fiske på stor og vaksen fisk.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]