Sister av S!sters
«Sister» Song av S!ster | ||
Land | Tyskland | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 22. februar 2019 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 03:00 | |
Selskap | Anchor, Universal | |
Låtskrivar(ar) | Laurell Barker, Marine Kaltenbacher, Tom Oehler, Thomas Stengaard |
---|

«Sister» (norsk: syster) er ein tysk popsong frå 2019 som vert framført av duoen S!sters. Songen vann musikktevlinga Unser Lied for Israel og var det tyske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Songen er skriven av Laurell Barker, Tom Oehler, Marine Kaltenbacher og Thomas Steengard.
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
«Sister» vart skriven av låtskrivarane Laurell Barker, Tom Oehler, Marine Kaltenbacher og Thomas Steengard under ein låtskrivarkonferanse i Sveits i 2018. Songen var tiltenkt den sveitsiske uttakinga, men han vart ikkje plukka ut til uttakinga.[1] Songen vart i staden send til den tyske nasjonale finalen i 2019, Unser Lied for Israel. Der deltok han i tevlinga med fire andre låtar og vann ein knapp siger i tevlinga. «Sister» vart dimed det tyske bidraget til finalen i Eurovision Song Contest laurdag 18. mai 2019.[2]
I finalen enda «Sister» nest sist, som nummer 25 av 26 bidrag. Songen fekk 24 poeng frå juryane, og 0 poeng i telefonavrøystinga.[3][4]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Germany: "Sister" Was Written At Swiss Eurovision Songwriting Camp» (på engelsk). 23. februar 2019. Henta 28. april 2019.
- ↑ «Germany's song and artist for Israel: S!sters with Sister». Henta 28. april 2019.
- ↑ «Poeng til og fra Tyskland i finalen». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019.
- ↑ «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Sister (sang)» frå Wikipedia på bokmål, den 26. desember 2021.