Sjögren-syndrom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjögren-syndrom er ein autoimmun sjukdom som i hovudsak råkar eksokrine kjertlar. Nokre av dei mest typiske symptoma er turr munn og turre augo. Sjukdomen råkar i hovudsak middelaldrande kvinner, men òg menn, born og eldre.[1] Sjukdomen er relativt mild, men 5 til 10 prosent pasientar får kreftsjukdomen ikkje-Hodgkin-lymfom og har auka døying.[2] Sjukdomen vert delt inn i primær og sekundær form. Primært Sjögren-syndrom er uavhengig av andre sjukdomar medan sekundært syndrom involverer sjukdom i underliggjande bindevev.[3]

I sjukdomen går lymfocyttar inn i eksokrine kjertlar, i hovudsak tåre- og spyttkjertlar, og epitel i desse kjertlane vert øydelagt.[1]

Fleire virus, inkludert Epstein-Barr-viruset, er knytte til sjukdomen.[4]

Sjukdomen er namnsett etter Henrik Sjögren som i 1933 presenterte funn frå kvinnelege pasientar med turre munnar og augo som symptom.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Brito-Zerón, Pilar; Baldini, Chiara; Bootsma, Hendrika; Bowman, Simon J.; Jonsson, Roland; Mariette, Xavier; Sivils, Kathy; Theander, Elke; Tzioufas, Athanasios; Ramos-Casals, Manuel (2016). «Sjögren syndrome». Nature Reviews Disease Primers 2: 16047. PMID 27383445. doi:10.1038/nrdp.2016.47. 
  2. Mavragani, Clio P.; Moutsopoulos, Haralampos M. (2014). «Sjögren's Syndrome». Annual Review of Pathology: Mechanisms of Disease 9: 273. doi:10.1146/annurev-pathol-012513-104728. [daud lenkje]
  3. Kyriakidis, Nikolaos C.; Kapsogeorgou, Efstathia K.; Tzioufas, Athanasios G. (2014). «A comprehensive review of autoantibodies in primary Sjögren's syndrome: Clinical phenotypes and regulatory mechanisms». Journal of Autoimmunity 51: 67–74. PMID 24333103. doi:10.1016/j.jaut.2013.11.001. 
  4. Toussirot, Éric; Roudier, Jean (2008). «Epstein–Barr virus in autoimmune diseases». Best Practice & Research Clinical Rheumatology 22 (5): 883. doi:10.1016/j.berh.2008.09.007. 
  5. Igoe, Ann; Scofield, R. Hal (2013). «Autoimmunity and infection in Sjögrenʼs syndrome». Current Opinion in Rheumatology 25 (4): 480. PMID 23719365. doi:10.1097/BOR.0b013e32836200d2. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.