Sjakkterminologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Denne lista er diverre ufullstendig. Om du veit meir, kan du hjelpe Wikipedia ved å utvide den.

Denne sida presenterar nokre av dei mest brukte orda i sjakkterminologien.

Innhaldsliste

A[endre | endre wikiteksten]

Algebraisk notasjon sjå - notasjon.

Aljekhins kanon - eit batteri der dronninga og dei to tårna i same farge, står i ei ubroten line på ei av bokstavrekkene. Dronniga står fremst, medan dei to tårna står bak.

Analyse - å studera eit parti i etterkant for å identifisere feil og finne moglege forbetringar til seinare bruk.

Armageddon - eit lynsjakkparti der svart starter med ein liten tidsfordel, men tapar om partiet endar Sjakkterminologi#remis. Ein vanleg tidskontroll er til dømes 5 minuttar for kvit mot 6 minuttar for svart.

Avdekkarsjakk, eller berre avdekkar - når ei brikke blir flytta unna for å opne for eit angrep på motstandaren sin konge frå ei brikke som står bak denne.

Avbyte - sjå byte.

Avleiingsoffer - eit offer som har til hensikt å trekke ei av motstandaren sine brikker bort frå forsvaret av andre felt.

Avvik - å gå bort frå opningsteorien.

Avvikling - trekkrekkefølgje som avviklar spelet, oftast nytta ved overgang til sluttspel.

B[endre | endre wikiteksten]

Batteri - to eller fleire brikker i same line eller diagonal. Som regel eitt eller to tårn saman med dronning, eller løpar og dronning. Sjå også Aljekhins kanon

Betenkningstid eller tid - kvar spelar har eit på førehand bestemt antal minutt til å tenkje og gjemmomføre trekka sine. Når spelaren har gjort eit trekk, trykkar vedkomande på ei klokke, og tida stansar mens tida til motstandaren byrjar å løpe. Summen av tida dei to spelarane rår over, er vanlegvis identisk med tida som gjenstår før partiet må vere ferdig. Dersom den eine av spelarane går tom for tid, har vedkomande tapt partiet. Unntak: I nokre turneringar får spelarane bonussekund for kvart trekk dei gjer. Dette dreier seg oftast om 30 sekund. Dette gjer at ein i praksis svært sjeldan tapar på tid, men tidspresset kan vere avgjerande for at spelaren gjer fatale feil. I andre turneringar, som til dømes Verdsmeisterskapen i sjakk, får spelarane ikkje bonussekund dei første timane, men etter trekk 40 får begge deltakarar ein ekstra time. Denne tida blir lagt til kvar spelars resterande tenkjetid.

Binding - når ei brikke blir angripe/trua, men ikkje kan flytte fordi eigen konge då vil bli stilt i sjakk, kallar vi det ei binding. Sjå også spidding

Blindesjakk - eit sjakkparti som spelast utan at spelarane ser brett og brikker.

Bonde - kvar av spelarane startar med åtte bønder. Desse er i startstilliga stilt opp på rad nummer to frå spelaren, framfor offiserane. Sjå også offiser

Bondemajoritet - ein situasjon der ein har fleire bønder enn motstandaren, anten på brettet eller, slik uttrykket vanlegvis brukast, på ei av fløyene eller i sentrum.

Bondestorm - ein taktisk kombinasjon der bønder, gjerne mange, blir brukt for å angripe motstandarens stilling.

Bondestruktur - kva for strategisk stilling bøndene står i på brettet. Bøndene er dei minst mobile brikkene på brettet, og dei einaste som ikkje kan gå bakover. Bondestrukturar dikterar ofte korleis partiet blir spelt, og kva taktikkar og planar som er nyttige i partiet.

Bondeøyer - når bønder av same farge står i liner som ikkje har kontakt med kvarandre, blir det kalla at ein har fleire bondeøyer. Dersom det er ein einsleg bonde på ei slik «øy», blir det kalla ein isolani.

Bukk - ei grov tabbe eller eit feiltrekk. Som regel blir resultatet tap av materiell, stor posisjonell fordel for motstandaren, eller matt. Sjå også matt

Byte - å byte brikker betyr at ein utfører ei trekkrekkefylgje, der resultatet blir at begge spelarane slår ut tilsvarende brikker hos motstandaren.

C[endre | endre wikiteksten]

Caissa - sjakkens gudinne. Også ein sjakklubb i Sandefjord.

D[endre | endre wikiteksten]

D - brukt om brikka dronning i sjakknotasjon. På engelsk brukast bokstaven Q. Sjå også notasjon

Diagonal - ei rett diagonal line av felt med same farge blir kalla ein diagonal. Diagonalane mellom felta a1 til h8, og mellom felta h1 og a8, blir kalla lange diagonalar.

Dronning - den sterkeste brikken på brettet. Dronninga kan bevega seg både langs liner og diagonalar. Dronninga blir notert som D eller Q.

Dronningbonde - bonde som står i d-lina. Namnet kjem av at han står i den lina som dronninga står i i startstillinga.

Dronningfløy - blir brukt om venstre side på brettet for kvit spelar, a-, b- og c-linene. Sjå også fløy og kongefløy.

E[endre | endre wikiteksten]

ELO-rating - eit rangeringssystem oppkalla etter ungararen Arpad Elo, og eit tal som indikerar spelestyrke.

En passant - fra fransk: kan omsettast til noko slikt som «i forbifarten». Eit spesialtrekk som inneber følgjande: Dersom ein bonde blir flytta to felt fram frå startsstillinga, og motstandaren har ein bonde som står på feltet ved sida av feltet bonden landar på, kan motstandaren slå bonden på samme måte som om bonden berre skulle ha blitt flytta eitt felt fram.

F[endre | endre wikiteksten]

Fianchetto - eit trekk der løparen blir flytta til b2 eller g2 (for kvit) eller b2 eller g2 (for svart).

Feltrømmingsoffer - eit offer som berre har til hensikt å frigjere feltet brikka sto på for ei anna av sine eigne brikker.

Fløy - sidene på brettet, a- b- og c-linene blir kalla dronningfløyen, f- g- og h-linene blir kalla kongefløyen. Blir også kalla flanker, men ikkje like vanleg.

FM - eller FIDE-meister. Den lågaste sjakktittelen.

Forgåve - når eit spel startar frå ei på førehand avtalt stilling, slik at den eine spelaren skal ha ein fordel før spelet startar. I eldre tider var dette hovudsakleg at ein av spelarane, vanlegvis den beste, starta spelet med ei brikke mindre på brettet. I nyare tid er fordel på tid det vanlegaste. Sjå også tidshandicap.

Forvandlingsfelt - det feltet ein bonde endar på når, eller dersom brikken kjem seg over brettet og blir forvandla.

Fribonde - ein bonde som ikkje kan stoggast eller på eit seinare tidspunkt bli slått ut av nokon av motstandarens bønder på veg mot forvandlingsfeltet, fordi dei er for langt unna.

Førsteraden - den ytste raden på brettet, der offiserane har sin startstilling, altså rad nummer 1 og 8. Også medlemsblad for Ungdommens Sjakkforbund.

G[endre | endre wikiteksten]

Gaffel - når ei brikke truar to eller fleire andre brikker samtidig.

Gambit - ei opning der ein av spelarane ofrer materiell, vanlegvis for å få fordel av raskare utvikling av sine brikker.

GM - sjå stormeister.

H[endre | endre wikiteksten]

Halvtrekk - når ein av fargane flytter ei brikke blir det kalla eit halvtrekk. Sjå også trekk

Heiltrekk - sjå trekk.

Hurtigsjakk - eit parti der begge spelarane blir tildelt ein tidskontroll på mellom 10 og 60 minutter for heile partiet. Sjå også bondeøyer.

I[endre | endre wikiteksten]

IA - eller International Arbiter. Ein tittel FIDE gir til personar som er godkjende som internasjonale dommarar.

IM - eller Internasjonal meister. Ein sjakktittel mellom FM (FIDE-meister) og GM (stormeister).

Isolanibonde - ein bonde som står i d-linja uten at det er bønder av samme farge i de tilstøtende c- eller e-linjene. Uttrykket tilskrives "Aron Nimzowitsch" Sjå også bondeøyer.

J[endre | endre wikiteksten]

J'adoube - omsett til norsk: «Eg korrigerer». Ein spelar kan rette ei brikke utan å bli offer for regelen om at ein flytte ei brikke dersom spelaren har rørt ved ho. Spelaren må seie i frå om dette på førehand. «J'adoube» er den vanlegaste måten å gje uttrykk for dette på. Dette kan til dømes vere aktuelt dersom nokre brikker tangerer kanten, eller står delvis over på feil sjakkfelt. Andre tilfeller der dette kan vere aktuelt er hvis spelaren meiner ei brikke har hamna på eit anna felt enn der brikka faktisk skulle stå (mest vanleg på amatørnivå).

K[endre | endre wikiteksten]

K - symbolet for brikken konge i sjakknotasjon.

Kompensasjon - ei erstatning for materiell som har blitt ofra frivillig. Ein kan oppnå posisjonell kompensasjon til dømes ved å oppnå kontroll over viktige felt eller område på brettet, kontroll over åpne liner, eller angrepsmoglheiter/forsvarsressursar.

Konge - den viktigaste brikken i spelet. Heile målet med sjakk er å sette motstandarens konge ut av spel.

Kongefløy - blir brukt om høgre side på brettet for kvit spelar, f-, g- og h-linene. Sjå også fløy og dronningfløy.

Korrespondansesjakk - sjakk spelt ved bruk av korrespondanse. Tidlegare var det vanleg å bruke post. Seinare blei også telefonen teken i bruk. I dag er det mest vanleg å spele via servere, til dømes med e-post eller nettfora. Det er vanleg med svært lang betenkningstid i denne typen turneringar. Eitt døgn er ikkje ein uvanleg frist for kvart trekk. (Eit døme på korleis slik korrespondansesjakk kan arte seg, er skildra i romanen og høyrespelet Tordivelen flyg i skyminga av Maria Gripe.)

Kort rokade - rokade utført av kongen og tårnet på kongefløyen. Sjå også rokade og lang rokade.

Kvalitet - ein kvalitet er styrkeforholdet mellom dronning og tårn eller offiser, eller mellom eit tårn og ein offiser, dvs. ein springar eller løpar. Ein tommelfingerregel er at eit tårn er verdt om lag 5 bønder, mens ein offiser er verdt om lag 3 bønder.

Kvelarmatt - ei mattstilling der kongen blir angripe av ein springar, og ikkje kan flytte fordi han er stengt inne av sine eigne brikker. Sjå også matt.

Kvelarmatt

Kvitfeltsløpar - dei løparane på brettet som berre kan gå på dei kvite felta. Det motsette av svartfeltsløpar. Sjå også [[Sjakkterminologi#Løpar|løpar}}.