Arpad Elo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arpad Elo
Élő Árpád Imre
Fødd25. august 1903(1903-08-25)
Egyházaskesző i Austerrike-Ungarn
Død5. november 1992 (89 år)
Brookfield i Wisconsin
NasjonalitetUngarsk/amerikansk
Områdefysikk
Yrkesjakkspelar, fysikar, akademikar, universitetslærar, oppfinnar, statistikar
InstitusjonarMarquette University
Alma materUniversity of Chicago

Arpad Emrick Elo (fødd Élő Árpád Imre[1][2]25. august 19035. november 1992) var ein ungarsk-amerikansk fysikar og sjakkspelar. Han er opphavsmannen til ELO-ratingsystemet for tomannsspel som sjakk eller go.

Elo var fødd i Egyházaskesző i Ungarn. Han flytta som barn til USA med foreldra sine i 1913. Han var professor i fysikk ved universitetet i Marquette i Milwaukee i Wisconsin. Han var også ein svært dyktig sjakkspelar. Allereie innan 1930-åra var han den sterkaste spelaren i Milwaukee, ein av dei sterkaste sjakkbyane i USA. Elo vann «The Wisconsin State Championship» åtte gonger.[3] Elo døydde i Brookfield i Wisconsin i[ [1992.

Elo sitt ratingsystem[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkelen for dette emnet er Elo-rating.

Elo er mest kjend for ratingsystemet ha utvikla for sjakkspelarar. Det originale sjakkratingsystemet blei utvikla i 1950 av Kenneth Harkness, som var økonomisjef i Dei sameinte statanes sjakkforbund (USCF). Innan 1960 utvikla Elo sin eigen formel, basert på alle data som vart samla opp ved å bruke ratingsystemet til Harkness. Formelen hadde grunnlag i matematiske metodar henta frå statistikkfaget, og utgjorde ein forbetring av Harkness-systemet. Det nye ratingsystemet blei godkjend på eit møte i USCF i St. Louis i Missouri i 1960.

I 1970 bestemte Verdas sjakkforbund (FIDE) seg for å bruke ELO-ratingsystemet. Frå då av, og til midten av 1980-åra, var det Elo sjølv som stod for ratingkalkulasjonane. Arbeidet med kalkuleringane var på den tida ei relativt overkommeleg oppgåve, sidan det var færre enn 2000 spelarar som blei rata av FIDE. Etter kvart gav FIDE ansvaret for ratingberegningane vidare til andre enn Elo. FIDE la også til nye reglar for «kvalifikasjonar for rating» i handboka si som tildelte vilkårlege ratingar (vanlegvis i 2200-området som er det lågaste sjiktet for ein sjakkmeister) for spelarar som skåra minst 50 % i nokre få, utvalde turneringar, som til dømes sjakkolympiadar.[4] Elo med fleire protesterte mot desse nye reglane, grunngjeve med at dei var vilkårlege og politisk drivne fram.

Bøker av Elo[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Veszprem Megyei Eletrajzi Lexikon – ÉLŐ Árpád Imre». Henta 12. november 2014. (ungarsk)
  2. «Romániai Magyar Szó». 26. august 2003. Henta 12. november 2014. (ungarsk)
  3. Andrew Soltis (juli 1993). What's Your Elo?. Chess Life. Crossville, Tennessee. s. 19. 
  4. «FIDE Handbook». FIDE. Henta 12. november 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]