Sjeminí ‘aṣéret
Utsjånad
(Omdirigert frå Sjeminí ‘aséret)
Sjeminí ‘aṣéret (hebr. שמיני עצרת, 'den åttande dagen', uttalt shemini atzeret i sefardisk tradisjon og shmini-atseres i askenasisk) er ei jødisk høgtid som fell like etter sukkót, den 22. tisjré.
Den viktigaste skikken på denne dagen er ei bøn for regn, teffilat gesjrem, under den særskilde gudstenesten for dagen.
Dagen blir ofte rekna som ei eiga høgtid, skild frå sukkót. Han blir feira saman med simḥàt Torá i Israel og reformjødedom, medan denne høgtida kjem den neste dagen i den jødiske diasporaen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Shemini Atzeret» frå Wikipedia på engelsk, den 9. oktober 2009.