Jom kippúr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå og Jom kippúrkrigen.
Sjofaren som ein bles i på slutten av høgtida er eit symbol på jom kippur.

Kippúr eller jom kippúr (frå hebr. יוֹם הַכִּפּוּרִים jōm hakkippūrīm) er den jødiske forsoningsdagen. Høgtida er ei av dei viktigaste i den jødiske kalenderen, og blir gjerne halden også av dei som er mindre religiøse. På kippúr skal ein gjera opp for synder, både som folk og som enkeltperson. Ved å sona for dei får ein òg tilgjeving.

Høgtidsdagen er ein full sabbat der ein ikkje kan utføra noko arbeid. Heile dagen er ein fastedag, og alle jødar over 12/13 års alder som har helse til det er pålagde å faste frå solnedgang på kippúr-aftanen til det er mørkt etter sjølve kippúr-dagen — det vil seie om lag 25 timar. I denne perioden et ein ingen ting og drikk ikkje noko anna enn kva som er strengt nødvendig for helsegrunnar. Ein skal heller ikkje bada, bruka sminke, ha på seg ting av lêr (som skor) eller ha samleie i denne tida.

Kippúr fell på den tiande dagen av månaden tisjré. Etter den sivile kalenderen havnar kippúr ein dag mellom 15. september og 14. oktober. I 2005 fell kippúr på 13. oktober — det vil seie frå 12. oktober ved solnedgang til 13. oktober etter solnedgang. Dei ti dagane før høgtida, innleia av nyttårsdagen rosj hasjaná, har vore ei tid av anger og bøn. Kippúr står for reinsing frå synd, og på grunn av dette ber mange jødar symbolske kvite klede på denne dagen.

Rituale[endre | endre wikiteksten]

Bønneritualet for kippúr inneheld fleire karakteristiske element:

Maurycy Gottlieb (18561879): «Bedande jødar i synagogen på jom kippúr» (oljemåleri på lerret, Wien 1878.
  • Ein brukar tallét (bønnesjal) under kveldsgudstenesta. Dette er den einaste kveldsgudstenesta i heile det jødiske året at alle hovudretningar av jødedommen er einige om at dette er pålagt. Grunnen til påbodet er at alle gudstenestene i løpet av heile kippúr er å rekne for éi samanhengande gudsteneste.
  • Kal nidré (askenasisk: Kol nidré; italiensk kol-nedarím) er ei bønn om at lovnader ein gjorde sitt beste for halde, men ikkje greidde å leva opp til, ikkje må bli haldne mot ein, og likeleis at lovnader ein vart tvungen til (slik som, t.d., under Den spanske inkvisisjonen) ikkje må bli haldne mot ein. (I askenasisk jødedom er denne bønna endra til å gjelde det kommande året i staden.)
  • Ein blæs i sjofár (bukkehorn) éin gong ved slutten av dagen for å markere at jom kippúr er over.
  • Under ‘amidáen legg ein mellom anna til bønna selihót.
  • I tillegg til dei vanlege gudstenestene har ein gudstenestene Musáf og Ne‘ilá.
  • Ein legg til ‘Abodá-avsnittet, som fortel om gudstenesta i Tempelet i Jerusalem på denne dagen.
  • Ein legg til ei minnebønn — kalla Hasjkabá (eller Rogativa) av sefardím og Jiskor blant askenasím.

Kva tid fell jom kippur?[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]