Sjokoladefondy
Utsjånad
Sjokoladefondy er ei form for fondy der ein dypper mat, til dømes frukt, i smelta sjokolade i staden for den tradisjonelle fondyen der ein smeltar ost.
Sjokoladen kan smeltast i ei fondygryte eller i ei sjokoladefontene. Sjokoladen kan vera tilsett litt alkohol, som kirsch eller rom. Ein kan dyppa bær (som jordbær, fruktbitar, kakestykke eller marshmallow i den smelta sjokoladen. Deretter et ein dei straks.