Sjokoladepålegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chocolate spread.png

Sjokoladepålegg er ein type pålegg som hovudsakleg er baserte på sjokolade og sukker, med visse ulike ingrediensar i tillegg.

Ein kan laga sjokoladepålegg heime, til dømes ved å ha kakefyll med sjokolade på brødskiva. Det er likevel vanlegast å kjøpa pålegget i butikken. Nugatti og Sjokade er velkjende norske sjokoladepålegg. Nutella er eit noko eldre pålegg som er svært populært elles i verda, og kanskje inspirerte dei norske typane.