Sjunkfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 67°29′11″ N 15°11′46″ E

Flyfoto av Kjerringøy frå aust. Fjorden nedst til venstre er Sjunkfjorden, ved innløpet av fjorden den spisse Skeistinden, til venstre på oversida Sjunkhatten. Bak desse mot venstre Nevelsfjorden, mot høgre frå denne Eidekjosen. Bak Eidekjosen ligg Eidetinden

Sjunkfjorden er ein fjordarm av Sørfolda i Sørfold kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 10 km sørover til garden med same namn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Geitneset i vest og Jovikneset i aust. Nesten ytst i fjorden går Sjunkvika innover på vestsida til garden Sjunkan, som har gjeve namn til fjorden. Sør for Sjunkvika ligg fjellet Sjunkhatten på 1135 meter over havet. Det er ikkje vegsamband langs fjorden, men eit par spreidde gardar ligg likevel ved fjordsida vidare innover. Ein av desse er Vassvika, som det vart laga fjernsynsprogram om i NRK-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]