Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
Typefjernsynsprogram
SjangerDokumentar/serie
OpphavslandNoreg
Introduksjonsår2002
Sesongar19
Episodar112
Lengd39 min (29–59 min)
SpråkNorsk
ProgramleiarOddgeir Bruaset, Arve Uglum, Noralv Pedersen
Periode2002–
KanalNRK1
NRK TV

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu er ein norsk fjernsynsserie. Serien handlar om menneske som har vald å leve på avsidesliggjande plassar, nær naturen og i enklare kår. Det første programmet blei sendt på NRK 8. desember 2002.[1] Førebels er det laga 19 sesongar av serien.

Oddgeir Bruaset skapte programmet og var programleiar dei første tolv åra.[2] Sentrale var også fotografane Brede Røsjø og Tor Sivertstøl. Då Bruaset pensjonerte seg i 2014, tok Arve Uglum over. Saman med hovudfotograf Torje Bjellaas hadde Uglum ansvaret i fem sesongar. I 2020 tok Noralv Pedersen over som programleiar og lagar i dag serien saman med Bjellaas.

Programidéen[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på serien kjem frå songen «Anne Knutsdotter» av Claus Pavels Riis: «Vi bur oppå ein plass der som ingen skulle tru at nokon kunne bu». Før levde mange slik, no er det få. Men framleis finst menneske som bur utanfor allfarveg – på ein holme i havet, på ei fjellhylle eller i ein veglaus avkrok.

Programmet gir eit innsyn i kvardagen til desse menneska, som bur slik dei gjer, ikkje fordi dei må, men fordi dei vil.

Grunnane til at folk bur på dei avsidesliggjande plassane er ulike. Nokre har budd der heile livet. Andre har flytta tilbake til staden der dei er fødd og oppvaksen, ofte etter eit vaksenliv «utanskjers». Medan andre igjen har brote opp og flytta ut til ein plass utanfor allfarveg, for å leve nær naturen og i stilla.

Serien rommar menneske i ulike livsfasar, og programma har eit stort spenn i levd liv. At programmet framleis har gode sjåartal, tyder på at publikum set pris på dette mangfaldet.

Popularitet[endre | endre wikiteksten]

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu er ein populær serie i Noreg. På det meste har programma blitt følgde av over 1 million sjåarar. Og sjølv etter store endringar i medievanane til folk dei siste åra, har serien framleis eit stort publikum.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu og serieskaparane har fått ei rekke utmerkingar, mellom andre desse:

  • Gullruten 2008 i klassen beste magasin- eller livsstilsprogram.[3]
  • Bruaset mottok Folkets TV-pris under Gullruten 2009.[4]
  • Bruaset fekk i 2015 Gullruten sin heiderspris.[5]
  • Uglum mottok i 2018 Kringkastingssjefens språkpris for «ein nynorskbruk som kler landskapet i programmet».
  • Uglum fekk Kringkastingsprisen for 2020.
  • Torje Bjellaas fikk i 2021 Gullruten sin fagpris for sitt fotoarbeid på serien.[6]

Ei rekkje oppfølgingsprogram er blitt laga, mellom anna ein heil serie om garden Røneset. Denne fekk namnet Severin, etter førenamnet på han som bur på garden i dag. Det er laga tre sesongar av Severin.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu inspirerte òg til andre tv-program, som Glimt av Norge.[7] Denne serien med kortdokumentarar hadde premiere i 2010 og er laga i ti sesongar.

Programmet er også populært i Sverige og har vore sendt på SVT sidan 2003.[8]

Episoder[endre | endre wikiteksten]

Sesong 1[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Sulabakk Nils Storås Programmet i NRK TV
2 Sylen Eva og Kjell Ryvang Programmet i NRK TV
3 Finnafjorden Lars Finden Programmet i NRK TV
4 Kjeåsen Bjørg Wiik Programmet i NRK TV
5 Fiskeværet Tommy Rodahl Programmet i NRK TV
6 Trodla-Tysdal Kjell Tysdal Programmet i NRK TV

Sesong 2[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Gaundalen Ingeborg Gaundal og Steinar Gaundal Programmet i NRK TV
2 Givær Olaug Olsen Programmet i NRK TV
3 Styvi Botolv Hov Programmet i NRK TV
4 Finnskogen Liv Burud og Trond Burud Programmet i NRK TV
5 Revelsøy Alma Jenssen Programmet i NRK TV
6 Kvipt Åsmund Kvipt Programmet i NRK TV

Sesong 3[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Tana Charles Jensen Programmet i NRK TV
2 Eikemo Geir Arne Eikemo og Nils Kjetil Eikemo Programmet i NRK TV
3 Vassvika Ti Xiang Zhao, Viggo Vassvik og Anna Vassvik Programmet i NRK TV
4 Bleikøya Berit Gulbrandsen og Christian Gulbrandsen Programmet i NRK TV
5 Sihccajavri Mari Anne Kumpulainen Vanhaphia Programmet i NRK TV
6 Kvebergsøya Martin Kjønsberg og Eris Davids Programmet i NRK TV

Sesong 4[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Laksfjordvidda Per Sørflaten Programmet i NRK TV
2 Fyresdal Elin Skålid og Tor Bolstad Jensen Programmet i NRK TV
3 Gjevsjøen Nils Christian Gjefsjø Programmet i NRK TV
4 Åsligrenda Kari Nøssvold, Margit Nøssvold og Per Bech Programmet i NRK TV
5 Flatøy Oddbjørn Selnes Programmet i NRK TV

Sesong 5[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Luster Geirr Vetti Programmet i NRK TV
2 Tinn Ivanir Hasson og Carl Olsen Programmet i NRK TV
3 Klyngjetunet Signe Fure Hoddevik, Else Fure, Arthur Fure, Esther Hagen, Marit Fure, Kjell Fure Programmet i NRK TV
4 Skåro Jon J. Skaar Programmet i NRK TV
5 Vågå Sisco Välimaa Waldersløw og Karl Viggo Waldersløv Programmet i NRK TV
6 Nyksund Stedsportrett Programmet i NRK TV

Sesong 6[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Graddisfjellet Kajsa Zetterquist og Per Adde Programmet i NRK TV
2 Kjepso Anne Kjepso og Per Kjepso Programmet i NRK TV
3 Måren Ivar Orvedal Programmet i NRK TV
4 Fossdal Anita Martinsen, Ola Bævre, Marit Martinsen Programmet i NRK TV
5 Skjerdal Daniel Skjerdal, Jens Skjerdal, Evelyn Kvamme Skjerdal, Liv Randi Teige Programmet i NRK TV

Sesong 7[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Kirkefjorden Oddvar Berntsen, Ingrid Blomquist Programmet i NRK TV
2 Femunden Milda Femundshytte og Klas Femundshytten Programmet i NRK TV
3 Hattfjelldal Knut Kastnes og Siri Kobberød Programmet i NRK TV
4 Homevassevje Kirsten Lundsgaardvig Programmet i NRK TV
5 Storfjorden Severin Rønes Programmet i NRK TV

Sesong 8[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Værøy Remi Johansen og Jeanette Johansen Programmet i NRK TV
2 Aldal Margot Bjørvik og Per Bjørvik Programmet i NRK TV
3 Svinøya Ola Braanaas Programmet i NRK TV
4 Hasfjord Else Juliussen Programmet i NRK TV
5 Møsstrond Anne Gro Istad Løvås og Åsmund Løvås Programmet i NRK TV
6 Hvaler Tore Amarius og Lene Akselie Amarius Programmet i NRK TV
7 Romsdalen Marit Kvam og Arnfinn Lislien Programmet i NRK TV

Sesong 9[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Bjerkrein Tønnes Martin Dyrskog og Aud Marit Dyrskog Programmet i NRK TV
2 Ellen Marie Hansteensen Programmet i NRK TV
3 Jondal Arne Bakke Mælen og Gry Melstveit Programmet i NRK TV
4 Hitra Ingvar Aabrek Klingenberg Programmet i NRK TV
5 Vikabråten Yvonne Christensen og Ole Jacob Christensen Programmet i NRK TV
6 Skindalen Anne Vågen Skindalen Programmet i NRK TV

Sesong 10[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Valdres Inger Norunn Solhaug og Rainer Solhaug Programmet i NRK TV
2 Bjarkøy Olaug Pettersen Programmet i NRK TV
3 Åseral Magnhild Snaprud og Christoffer Christensen Programmet i NRK TV
4 Brattværet Leif Birger Hagen Programmet i NRK TV
5 Fosenhalvøya Klara Hårstad og Einar Hårstad Programmet i NRK TV
6 Numedal Lars-Erik Jacobsen Programmet i NRK TV

Sesong 11[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Lenke
1 Tilbakeblikk til Vassvika, Skåri, Åsligrenda og Nyksund Programmet i NRK TV
2 Tilbakeblikk til Finden, Kvipt, Værøy, Skjerdal og Makø Programmet i NRK TV
3 Tilbakeblikk til Måren, Eikemo, Litle Færøy, Erik Larsatjønna, Skindalen, Givær Programmet i NRK TV
4 Tilbakeblikk på de som har flyttet og de som har gått bort Programmet i NRK TV

Sesong 12[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Bønå Ole Arnold Bønå Programmet i NRK TV
2 Setesdalsheiane Åse Kokaas og Rune Ingebretsen Programmet i NRK TV
3 Hedmark Gry Schjøll og Dag Hansen Programmet i NRK TV
4 Ry Bente Thurmann-Nielsen og Tormod Skeie Programmet i NRK TV
5 Glittersjå Hege Thorson Nordskar og Helge Nordskar Programmet i NRK TV
6 Storfjorden Kari-Anne Nilsen Programmet i NRK TV

Sesong 13[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Samnanger Bente Getz Programmet i NRK TV
2 Hattfjelldal Stine Reinfjord Engdal og Per-Sverre Engdal Programmet i NRK TV
3 Nord-Hidle Terjer Hidle og Erling Eriksen Hidle Programmet i NRK TV
4 Skifterud Gaby Larsen og Rupert Derben Programmet i NRK TV
5 Meråker Katrine Høttmon og Bjarne Høttmon Programmet i NRK TV
6 Valdres Erik Rostbøll og Kirsten Rostbøll Programmet i NRK TV

Sesong 14[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Tangeneset Pål Ryland og Trude Søilen Programmet i NRK TV
2 Gamvik Adriaan Smis Programmet i NRK TV
3 Austli Hillborg Romtveit og Trygve Vaagen Programmet i NRK TV
4 Bliksvær Nils Thommesen Programmet i NRK TV
5 Fonna Lisa Instefjord Gilje, Svein Eivind Gilje, Robert Sørfonn Programmet i NRK TV
6 Sognefjorden Vilhelm Rumohr Programmet i NRK TV

Sesong 15[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Sylvarnes Magne Sylvarnes Programmet i NRK TV
2 Tanafjorden Bente Aust, Tore Wæraas Programmet i NRK TV
3 Kristiansand Trond Henning Monan Programmet i NRK TV
4 Lysefjorden Agnes Tiffon, Hessel Haker Programmet i NRK TV
5 Veafjorden Norvald Bukkestein Programmet i NRK TV
6 Jotkajavvri Lisa Romsdal Kristensen, Steinar Kristensen Programmet i NRK TV

Sesong 16[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Hjørundfjorden Daniel Storeide og Ivonne Eikremsæter Programmet i NRK TV
2 Vorterøy Ingebjørg Gamst Programmet i NRK TV
3 Vistenfjorden Kaia Aarstrand og Bjørnar Aarstrand Programmet i NRK TV
4 Fagermyr Dag N. Fagermyr Programmet i NRK TV
5 Svinøya Gunnar Bengtsson, Lise Juul Mortensen, Gorm Bengtsson Programmet i NRK TV
6 Nærøyfjorden Arild Dyrdal Programmet i NRK TV

Sesong 17[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Tussøy Svein Brox og Synnøve Steinsland Programmet i NRK TV
2 Skjæløy Jan Erik Weel Johansen, Janne Weel Johansen, Øyvind Johansen, Ragnhild Johansen Programmet i NRK TV
3 Vinkenes Karin Vinkenes Programmet i NRK TV
4 Grue Finnskog Jan Storberget Programmet i NRK TV
5 Skorpo Ole Kristoffer Vågen, Anja Strüter Programmet i NRK TV
6 Sandøybotn Einar Røe og Illona Røe Programmet i NRK TV

Sesong 18[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Skrova fyr Reidar Sørensen og Frank Marstokk Programmet i NRK TV
2 Blefjell Marit Karlsen Programmet i NRK TV
3 Embretsæter Pernille Anker og Samuel Duc Programmet i NRK TV
4 Nautøyna Jon Kvalvik og Johanne Haveland Programmet i NRK TV
5 Annsteinsundet Roger Eidshaug og Marit Kuvås Programmet i NRK TV
6 Mollešjohka Per Edvard Johnsen Programmet i NRK TV
7 Julespesial Tor-Evert Johansen Programmet i NRK TV

Sesong 19[endre | endre wikiteksten]

Episode Tittel Namn på personar Lenke
1 Hovden Harald Hovden og Hilde Hovden Programmet i NRK TV
2 Herøya Aud Skjærbusdal Bye Programmet i NRK TV
3 Presteroi Nils Leidal Programmet i NRK TV
4 Lille Kalvøya Kathrine Nydahl, Ole Nydahl, Ellen Nydahl Programmet i NRK TV
5 Helgenes Ingrid Melkersen, Arvid Melkersen, Oddvar Pedersen Programmet i NRK TV
6 Rott Elfrid Rott, Oddvar Rott og Jostein Lundal Programmet i NRK TV

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]