Skarvatnet
Utsjånad
Skarvatnet | |||
innsjø | |||
Skarvatnet i haustdrakt
Foto: Sigmund Rise | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Oppdal | ||
Høgd over havet | 869 moh. | ||
Areal | 2,3752 km² | ||
Kystlengd1 | 7,9 km | ||
Koordinatar | 62°41′43″N 09°32′58″E / 62.69528°N 9.54944°E | ||
Skarvatnet 62°41′38″N 9°32′57″E / 62.69401°N 9.54916°E | |||
Wikimedia Commons: Skarvatnet | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Skarvatnet er eit lite fjellvatn som ligg i Skardalen i Oppdal. Vatnet ligg 14.5 km nordvest for Oppdal sentrum, på grensa mot Trollheimen. Innsjøen er krinsa av fjella Kvamman, Kvamsfjellet, Tjønnpiken, Nonshøa og Storgruvpiken. Dørremselva har sitt utspring i sørenden og renn, etter drygt 10 km elvelaup, samman med Driva.
Området er ein idyll om sommaren med god høve til å bade. Om vinteren er Skarvatnet eit glimrande utgangspunkt for heile det preparerte løypenettet i Oppdal,[1] samt at det er gode høve til isfiske og andre aktivitetar.
Skarvatnet er med i prosjektet «MILJØLÆRE.NO,ET VERKTØY FOR BÆREKRAFTIG UTVIKLING»[2]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Skarvatnet». Skisporet.no. Henta 10. november 2018.
- ↑ «Skarvatnet». Miljølære.no. Henta 10. november 2018.