Skeise-VM 1984 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1984 for menn vart avvikla på Ullevi i Göteborg helga 25. og 26. februar. 34 utøvarar frå 14 land deltok i meisterskapen, av dei tre frå Noreg.

Oleg Bozjev frå Sovjetunionen vart verdsmeister med god margin til Andreas Ehrig frå Aust-Tyskland. Nederlandske Hilbert van der Duim, som gjekk kvikkaste 500-meteren, vart tredjemann i meisterskapen. Vinnarane av dei hine enkeltdistansane vart Geir Karlstad frå Noreg på 5000 meter, verdsmeister Bozjev på 1500 m og austerrikaren Michael Hadschieff på 10000 m.

Skeise-VM 1984[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Oleg Bozjev  Sovjetunionen 169,663
Sølv Andreas Ehrig  Aust-Tyskland 170,283
Bronse Hilbert van der Duim  Nederland 170,678
4 Rolf Falk-Larssen  Noreg 170,729
5 Michael Hadschieff  Austerrike 171,114
6 Yep Kramer  Nederland 171,366
7 Frits Schalij  Nederland 171,667
8 Igor Malkov  Sovjetunionen 172,213
9 Pertti Niittylä  Finland 172,748
10 Hans van Helden  Frankrike 172,899
11 Geir Karlstad  Noreg 173,175

Dato: 25./26. februar 1984

Kjelder[endre | endre wikiteksten]