Rolf Falk-Larssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rolf Falk-Larssen
Rolf Falk-Larssen.JPG
Fødd 21. februar 1960
Trondheim
Rolf Falk-Larssen på Commons

Rolf Falk-Larssen (fødd 21. februar 1960) er ein norsk tidlegare skeiseløpar frå Trondheim. Han vart verdsmeister på skeiser i 1983 og vann fem norske meisterskap i tida 1982-88. Falk-Larssen var medlem av Trondhjems Skøiteklub.

Falk-Larssen slo gjennom i 1982-sesongen med andreplass under EM i Oslo, fattige 0,021 poeng bakom europameister Hilbert van der Duim frå Nederland. Fire veker seinare kom han på tredjeplassen i firkamp-VM i Assen, før han i mars månad på Oppdal vann den fyrste av fire strake NM-titlar i firkamp.

Helga 12. og 13. februar 1983 gjekk Falk-Larssen heilt til topps under VM i firkamp på Bislett stadion. Etter å ha vunne dei tre fyrste distansane hadde han sikra seg VM-tittelen. Han fullførte meisterskapen med ein svak 10 000 meter, og opplevde som hittil einaste norske skeise-verdsmeister å verte bua ut for innsatsen. I 1984 vart han for andre og siste gong nummer to i EM på skeiser, og som to år tidlegare var Hilbert van der Duim hans overmann.

Falk-Larssen heldt fram på det norske landslaget til 1988, utan han nådde opp i internasjonale tevlingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]