Skeise-VM 1988 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 1988 for kvinner vart avvikla på nybygde Skien isstadion i Noreg helga 12. og 13. mars 1988. 28 utøvarar frå 14 land deltok i stemnet, av dei einast ein frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.

Tittelforsvarar Karin Enke frå Aust-Tyskland fekk bestetider på dei tre fyrste distansane og vart verdsmeister framom nederlandske Yvonne van Gennip som sigra på den avsluttande 5 000-meteren.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Karin Enke  Aust-Tyskland 178,313
Sølv Yvonne van Gennip  Nederland 180,054
Bronse Erwina Ryś-Ferens  Polen 182,682
4 Gabi Zange  Aust-Tyskland 183,555
5 Petra Moolhuizen  Nederland 184,299
6 Jelena Lapuga  Sovjetunionen 185,399
7 Constanze Scandolo  Aust-Tyskland 185,435
8 Irina Bogatova  Sovjetunionen 187,375

Kjelder[endre | endre wikiteksten]