Verdsmeisterskapen 2000 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla laurdag 26. og sundag 27. januar i Seoul i Sør-Korea. Meisterskapen var den 31. i sprint-firkamp. 61 utøvarar, 33 karar og 28 kvinner, deltok i meisterskapen.
Tittelforsvarar Jeremy Wotherspoon frå Canada vart verdsmeister for andre gong. Han var også bestemann på begge 500-meterane. Jan Bos frå Nederland sigra i dei to 1000-meterløpa.
I kvinneklassa forsvarte tyske Monique Garbrecht meistertittelen, etter fyrsteplass begge 500-meterane. Chris Witty frå USA sigra i dei to 1000-meterløpa og kom samanlagt på andreplass.