Erben Wennemars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erben Wennemars
Erben Wennemars celebrating.jpg
Fødd 1. november 1975
Dalfsen
Yrke programleiar, skøyteløpar
Erben Wennemars på Commons

Egbert Rolf Wennemars (fødd 1. november 1975), kjend som Erben Wennemars, er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Dalfsen. Han vart sprintverdsmeister i 2004 og 2005.

Wennemars kom på tredjeplass i sprint-VM 1998 i Berlin, ei plassering han kopierte i sprint-verdsmeisterskapen 2003 i Calgary. Same sesongen var han tilbake i Berlin ved VM i enkeltløp, der han vann både 1000 m og 1500 m.

Under sprint-VM 2004 i Nagano imponerte Wennemars med to sterke 1000-meterar, noko som gav han VM-gullet framfor kanadiarane Jeremy Wotherspoon og Mike Ireland. Han forsvarte VM-tittelen i Salt Lake City i 2005, også då var Wotherspoon hans sterkaste konkurrent. Frå Vinter-OL 2006 i Torino reiste Wennermars heim med to bronsemedaljar, fyrst fekk han ein "gratismedalje" i lagtempoen, før han vart tredjemann på 1000 meter.

I 2007 deltok Wennemars i firkamp-VM, og på heimebane i Heerenveen enda han på femteplassen. Over ein tiårsperiode, 1999-2008, vann Wennemars elleve 11 medaljar (6-2-3) i ulike VM i enkeltløp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]