Skeise-VM 2014 i firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 2014 i firkamp vart avvikla i Heerenveen i Nederland helga 22. og 23. mars. 24 menn og 22 kvinner frå 14 ulike land deltok i meisterskapen.

Ireen Wüst frå Nederland forsvarte VM-tittelen og vart verdsmeister for femte gong. Også landsmannen Koen Verweij vart verdsmeister. Wüst sigra på dei tre kortaste distansane, landskvinna Yvonne Nauta på den lengste. Polske Konrad Niedźwiedzki var bestemann på 500 meter, russaren Denis Juskov på 1500 meter, medan nederlendaren Jan Blokhuijsen stod for bestetider på 5- og 10 000 meter.

Dei norske utøvarane vart nummer 4 Sverre Lunde Pedersen, 6 Håvard Bøkko, 16 Fredrik van der Horst, medan dei norske kvinnene Camilla Farestveit og Ida Njåtun enda på dei to siste plassane, Njåtun braut allereie etter 500 meter.

Skeise-VM 2014[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Koen Verweij  Nederland 149,365
Sølv Jan Blokhuijsen  Nederland 149,600
Bronse Denis Juskov  Russland 150,030
4 Sverre Lunde Pedersen  Noreg 151,217
5 Bart Swings  Belgia 151,518
6 Håvard Bøkko  Noreg 151,611
7 Renz Rotteveel  Nederland 151,611
8 Konrad Niedźwiedzki  Polen 153,820
9 Jan Szymański  Polen 111,471

Dato: 22.–23. mars

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Ireen Wüst  Nederland 158,615
Sølv Olga Graf  Russland 161,315
Bronse Yvonne Nauta  Nederland 162,488
4 Julija Skokova  Russland 162,946
5 Diane Valkenburg  Nederland 163,275
6 Irene Schouten  Nederland 163,896
7 Katarzyna Wójcicka  Polen 164,248
8 Natalia Czerwonka  Polen 165,234
9 Luiza Złotkowska  Polen 120,779

Dato: 22.–23. mars

Kjelder[endre | endre wikiteksten]