Skjenaldelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skjenaldelva har utspringet sitt i Gagnåsvatnet i Orkdal kommune. Frå inntaket til eksisterande Skjenaldfossen kraftverk har elva eit nedbørfelt på 132 km² og ei gjennomsnittleg avrenning på 5,5 m³/s. Storparten av løpet til Skjenaldelva ligg i dag på fjell og erosjonen er derfor minimal. Det meste av områda langs elva er nyttet som jordbruksland og dalsidene langs elva er kledd med kystgranskog med innslag av bjørk. Langs elvebreidda dominerer gråor. Elva renn forholdsvis raskt og har få kulpar. Store delar av elva er sterkt berørt av kanalisering og utbygging. Vasskvaliteten i vassdraget er god, og det finst både ei laksestamme og ein sjøaurestamme i vassdraget. Elva er eit viktig område for ein rekke artar. Skjenaldelva munnar ut i Orkdalsfjorden, 400 meter vest for utløpet til Orkla.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]