Skjerf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blått ullskjerf

Skjerf (frå fransk écharpe, ‘armbind, langsjal’[1]) er eit stykke stoff ein kan ha om halsen eller hovudet for å verna seg mot kulde, sollys, støv, sand eller skit, som pynt eller mote, av religiøse grunnar eller for å visa tilhøyre til ein idrettsklubb eller -lag. Ein kan laga skjerf av mange ulike materiale, som ull, lin, silke og bomull. Plagga er vanlegvis lange, smale og rektangulære. Dei kan hengast laust, viklast eller knytast om hals eller hovud.

Ein kan òg ha skjerf om livet som livband, til dømes som del av ein gallauniform[2] eller hoftesjal brukt til magedans.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «skjerf» i Nynorskordboka.
  2. «skjerf». Store norske leksikon (på norsk). 8. november 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Skjerf