Skjoldstølen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjoldstølen i Fana

Skjoldstølen er ein veg i Fana i Bergen. Han går nordover frå krysset mellom Bjørnevegen og Hjortevegen og er ein blindveg for køyretøy. Vegen er faktisk stengd for motoristerte køyretøy med unntak av køyring til eigedomane. Vegen er derimot ein del av nasjonal sykkelrute 1 og held fram over ei gangbru over Fanavegen til Skjoldvegen. Vegen ligg òg på den gamle traséen til Nesttun-Osbanen og er 400 meter lang.

Namnet vart vedteke i 1981.

Skjoldtun Barnehage og firmaet Kjøkkenhuset ligg i Skjoldstølen, men elles går vegen gjennom eit bustadområde.

Knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.